Reiseliv og turisme

Foto: Geir Angeltveit

Kommunen har mykje å by på, eit rikt kulturliv, friluftsliv og museum. Samt mykje kjekke store sportsarrangement me må støtta for framtida.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Stord og Leirvik er eit naturleg utgangspunkt for opplevingar både på Stordøya og i regionen. Stord skal vera ein kommune med tilbod som trekk til seg reisande og gleder innbyggjarane.

Det er mange som kan ha nytte av eit stort kart eller oversikt over tilboda, reiseliner m.m. i kommunen, både innbyggjarar, tilreisande eller turistar. Venstre vil arbeida for å samla informasjon om kommunens turstiar, anlegg m.m. i ei tilgjengeleg digital løysing.

Venstre vil:

  • ha ein digital kalender for informasjon om fritids- og aktivitetstilboda i kommunen.
  • utvikla våre turistattraksjonar
  • ha attraktive båthamner
  • leggja til rette for universelt utforma attraksjonar
  • ha fleire opplyste gangstiar der dette ikkje er i strid med dyrefaglege råd.
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**