Elsk eit kulturminne

Solveig Schytz

Riksantikvaren kan ikkje redde norske kulturminner. Ikkje fylkeskommunen heller, du og eg kan. Det skriv fylkesordførarkandidat Solveig Schytz i Aftenposten i dag:

Kvar er kulturminna i ditt lokalsamfunn? Smia eller butikken? Ikkje vent på at Riksantikvaren skal oppdage det. Riksantikvaren og fylkeskommunen forvaltar kulturminnelova og nasjonale kulturminne, nyare og lokale kulturminne er det du, nabolaget ditt og kommunen din som må ta ansvar for: Både å definere kva historier og stader som er viktig og for å elske desse historiene og kulturminna. Kulturminne elskast ved at skuleklassar skriv oppgåver, ved at du handlar og legg 40-årsdagen dit. Kulturminne elskast i kommunale og regionale kulturminneplanar, og ved at politikarar ikkje gir dispensasjon når ein utbyggar heller vil bygge femetasjes blokk.

Eig du eit kulturminne? Skaff deg kunnskap om vedlikehald, finn fagfolk som kan det, søk fylkeskommunen eller kulturminnefondet om tilskot til antikvarisk vedlikehald, så skal eg som politikar syte for at tilskotsordningane vert styrka. Stem på kommunepolitikarar og fylkespolitikarar som har vilje til å prioritere kulturminne.

Solveig Schytz, fylkesordførerkandidat, Venstre i Akershus

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**