Fridom som forhandlingskort

Ingrid Handeland, Foto: Privat

I eit lesarbrev i Bergens Tidende 3. juli vel KrFs førstekandidat til fylket, Pål Kårbø å greia ut om kvifor dei ønskjer å fjerna valfridomen til skuleelevane ved den Vidaregåande skulen i fylket, som KrF, SP og AP har blitt samde om.

Pål Kårbø, Hordaland KrF sin førstekandidat.
Pål Kårbø, Hordaland KrF sin førstekandidat.

Det er ironisk at eit parti som bedyrar valfridom i andre skulesaker så lett forhandlar vekk og adopterar standpunkt som nettopp innskrenkar valfridomen i skuletilbodet. At Kårbø avfeiar fritt skuleval som «rein ideologi» heller enn dagens gjeldande og godt fungerande opptakssystem, som medførar at 95% av elevar kjem inn på sitt førsteval, visar berre at KrF ikkje ønskjer ta innover seg realitetane i den politikken dei har forplikta seg til.

Mange elevar ønskjer ikkje å gå på nærskulen sin, og me bør ikkje ha som ambisjon å tvinga dei til det heller. Ved å frarøve elevane høvet til å søka seg inn på den skulen dei vil, og ivareta det mangfaldet av tilbod dei kan få, så vel ein i same åndedrag å nedjustera ambisjonsnivået på andre utfordringar ein ønskjer å løysa. Det hjelp ikkje den umotiverte fråfallseleven å verta fråtatt tilbodet om skulegong på si drøymelinje, i byte mot nærskulen med «same tilbod, men annleis.»

Eg ønskjer ikkje at den supre kokekunstlinja ved Fitjar Vidaregåande berre skal ha elevar frå Sunnhordland, ei heller at elevar i Bergen ikkje kan få søka seg på andre skular i Bergen enn den næraste i sin bydel. Me snakkar ikkje born som må ha konstant påpass, me snakkar om ungdom som tek ei av dei viktigaste avgjerslene dei gjer i livet. Då må dei få lov å velja det som passar dei best, utan omsyn til KrFs maktpolitiske vurderingar.

Ingrid Handeland
Ingrid Handeland

mvh,
Ingrid Handeland
6. Kandidat Hordaland Venstre
Fylkesleiar Hordaland Unge Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**