Venstre vil ha eit miljøvennleg trafikksystem i Molde

Debatten om E39 og bypakken rasar, med til dels harde åtak på enkeltpersonar. Molde Venstre tek avstand frå denne debattforma, og vil heller dreie diskusjonen over mot det saka dreier seg om.

Kollektivtilbodet og gang- og sykkelvegar er ein viktig del av bypakken. Skal vi redusere trafikkstøy og andre ulemper, må færre bruke privatbil. Ei betre tilrettelegging med alternativ er vegen å gå. Vi må legge betre til rette for bruk av buss med fleire haldeplassar, færre flaskehalsar i trafikken, og ikkje minst; eit betre rutetilbod i heile kommunen. Venstre vil også ha eit betre gang- og sykkelvegsystem. Dette vil kunne bli finansiert av statlege midlar i bypakken.

E39 må få ei miljøvennleg utforming som reduserer støy og forureining langs traséen. Samstundes må vegen løyse transportbehovet i Molde. Vi veit at 3 av 4 bilar skal til eller frå Molde sentrum. Vi løyser difor ikkje trafikk- eller miljøproblema med å bygge E39 utanom Molde. Størstedelen av trafikken vil gå inn til byen likevel. Samstundes vil det vere ein gjennomgangstrafikk med godstransport som det ikkje er ønskjeleg å legge nær bebyggelsen. Uansett vil denne trafikken gå nær bustader om den vert lagt andre stader.

Molde kommunestyre har samrøystes vedteke reguleringsplanar for 4-felts E39 frå Kviltorp til Årø. Planarbeidet for strekninga Lønset-Hjelset er starta opp. Utfordringane ligg no på strekninga Retiro-Bolsønes og vest for sentrum.

Løysninga er å satse på fleire tiltak. Venstre vil arbeide for å:

  • Bygge ein lang tunnel med avkøyringar gjennom byen
  • Gjennomføre miljøtiltak på resten av strekninga. Vi vil utfordre Statens Vegvesen til å utgreie avbøtande tiltak som miljølokk, senking av traséen m.v.
  • Redusere privatbilismen ved å stimulere til kollektivtrafikk/sykling
  • Flytte meir av godstransporten over på båt og bane

Alternativa til bypakken er å forverre dagens situasjon. Trafikken er forventa å auke. Vi blir fleire, og vi får ein stadig større arbeidsmarknad. Dette gjer at det skal fraktast meir personar og varer. Molde Venstre vil ta eit ansvar for å styre denne utviklinga på ein god måte, både for miljøet og transporten!

 

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**