Else-Berit Helle

Else-Berit Helle er 67 år og pensjonist. Ho deltek aktivt i frivillig kulturarbeid i Sagvåg og Litlabø, og ivrar for å løfta fram og synleggjera alle dei gode verdiane i denne bydelen. Ho er og leiar i Mental Helse Hordaland og sit såleis i Landsstyret i denne organisasjonene. Før ho vart pensjonist jobba ho innan sosialtensta i Stord kommune.

Ho har tidlegare 16 års erfaring som kommunepolitikar, bl.a. frå komité for Miljø og Kultur og formannskap.

For meg er verdigrunnlaget til Venstre viktig. Det å ta ansvar for kvarandre men samstundes ha rett til individuell fridom. Mennesket er unikt og skal ikkje krenkast.

Viktige saker er gode oppvekstvilkår for barn og unge og at dei med størst trong for bistand skal få det.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**