Venstre vil ikkje ha Landåsen som motorveg

Foto: Google

Geir Angeltveit ønskjer ikkje at Landåsen skal kappast opp for å bli motorveg. Og meinar ein må vera miljøbevisst når det kjem til E39.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**


I godt og vel to år har diskusjonen gått om korleis ny ferjefri E39 kjem til å leggja seg over Stord. Me har ein delstrekning me «avgjer» sjølv, og uttale til det heilskaplege prosjektet. I det store og det heile er E39 eit samfunnsøkonomisk positivt prosjekt som vil binda saman Vestlandet på ein slik måte at ein igjen kan konkurrera mot Oslogryta. Men det betyr ikkje at me må gå på akkord mot nærmiljøet vårt.
Landasen ¨
Då saka om E39 Heiane til Nordre Tveita var oppe, føreslo Venstre å ta alternativet som gjekk tvers gjennom Landåsen ut av utgreiinga. Me ønskte ikkje dette på bordet. Først vart styreleiar i friluftsrådet Vest Astrid Larsen og eg kalla uprofesjonelle av APs Harry Herstad, så vart me dessverre nedstemt i kommunestyret. I ein politisk debatt i kulturhuset førre veke meinte dei store partia at vegvesenet nok ville gå for Landåsen om utgreiinga viste at det var best, uansett kva me skulle villa sei om den saka i dag.

I siste kommunestyremøtet før valet var plan for E39 oppe, då føreslo Venstre at vegvesenet måtte greie ut to- og trefeltsveg.Då dette sterkt kan redusera påverknad på nærmiljø. Det vil også tyda redusert fartsgrense frå 110 til 90 km/t, noko som kraftig reduserer klimagassutslepp. Venstre vil ha ein tryggare veg med midtdelarar som betre passar inn på eit trongt vestland. Store område vil måtte bandleggjast av ein firefelts motorveg, då er det langt betre å sikta seg inn på oppgradering av dagens veg og så får heller turen ta nokre minutt ekstra. Vår nære bymark Landåsen bør ikkje kappast opp, det er som Ivar Aasen sa det, «D’er seint å stengja buret når fuglen er flogen».

Geir Angeltveit
Ordførarkandidat Stord Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**