Inge Thorsen og innvandringspolitikk

Geir Angeltveit, Venstres landsmøte i Trondheim 2015, Foto: Jo Straube

Inge Thorsens fordommer fordummar debatten om innvandring og integrering. Geir Angeltveit tar til motmæle mot Inge Thorsens innlegg i Sunnhordland onsdag 6. januar.

I onsdagens Sunnhordland lirar Inge Thorsen av seg ein haug med avsnitt med faktafeil, drittslenging og regelrett blottlegging av si eiga manglande forståing av norsk innvandrings- og flyktningepolitikk, og den pågåande politiske prosessen.

Inge Thorsen bejublar FrP. For å levera på bestillinga til Stortinget. Samstundes vert dei som stillar spørsmål og debatterar forslaga redusert til «PR-kåt professor», «idioter», «poseparti» eller «mini-parti».

Inge Thorsen gravlegg si eiga truverd som seriøs debattant, men køyrer på allikavel.

Thorsen opnar med at «Internasjonale forpliktinger skal følges. Men disse forpliktelsene bør og skal ikke hindre at de innstramninger regjeringen gjør, blir gjennomført». Det er sjølvmotseiande. Internasjonale forpliktingar må Noreg følgja, og det påverkar naturlegnok det rettslege i dette.

Venstre støtter statsministerens appell om norske borgeres bidrag til god integrering av flyktningene.

Venstre støtter statsministerens appell om norske borgeres bidrag til god integrering av flyktningene.

Inge Thorsen lurar på korfor Venstre m.fl. (som han trur er under sperregrensa) meinar det er kriminelt å stilla krav til innvandrarar. Vel det byggjer på misforståinga Inge Thorsen har om at det er usemje om dette. Venstre, Arbeidarpartiet, Høgre, FrP, KrF og Sp presenterte seinast i desember eit breidt forlik om innstramningar og integrering. Som inneheld meir krav til drifting og sjølvhushald av eigne mottak, forbetring av norskopplæringa som føresetnad for god integrering, og ei tydeleg forventning om at deltaking i arbeidslivet. Men desse krava må ikkje vere så stramme at dei går utover mennesker med behov for beskyttelse. Thorsen er derimot inne på noko positivt i sitt innlegg når han snakkar om «å rettleia» desse menneska inn i våre gode samfunn. Det er derimot forskjell på rettleiing og å peika ut ein retning med pisken i handa.

Attpåtil heng Thorsen fram «ubegrensa innvandring» som eit fiktivt standpunkt han kan skuggeboksa mInnvandring og integreringot. Nei, det er ingen som trur Noreg kan ta imot alle verdens flyktningar. Det er trass alt rundt 60 millionar mennesker på flukt. Samstundes er me vitne til den største flyktningekrisa sidan andre verdskrig. Sjølvsagt skal Noreg hjelpa. Sjølvsagt kan ikkje Noreg hjelpa alle, slik Inge Thorsen trur at nokon andre trur.

Sist, og meist misforstått meinar Inge Thorsen at innvandringa vil øydelegga den norske skuleklassen. Her forstår eg verkeleg ikkje «logikken». Det er opplæringslova som regulerar talet elevar per klasse. Dette vil ikkje innvandringa forandra, men det er heilt klart viktig med rekruttering til læraryrket framover. Og det å nytte fråfall som samanheng med auka kriminalitet er søkt. Det er høgare andel born av innvandrarar som gjennomførar høgare utdanning enn landsgjennomsnittet.

Venstre meinar at flyktningar og asylsøkjarar som kjem til Noreg, som ikkje har krav på beskyttelse, skal sendast raskast mogeleg ut. Så ressursane kan nyttast på dei som treng hjelp. Her står Stortinget saman. Det er ei av oppgåvene til Sylvi Listhaug. Ei anna av oppgåvene til Lishaug er å legga til rette for god integrering av dei som har krav på beskyttelse. God integrering inkluderar ikkje å stilla krav som byggjer på fordommar, men krav om språkopplæring, skulegong og høve til å ta arbeid.

Mvh,
Geir Angeltveit
Stord Venstre