Årsmøte i Buskerud Venstre 18. Og 19. Februar på Fylkeshuset i Drammen

Delegatar frå Ål Anne- Kjersti Frøyen og Sissel Urke, ilag med Trine Skei Grande og Rebekka Borsch, Foto: Steinar Bleken

Hovedtalarar var 1. Kandidat til Stortingsvalget for Buskerud Venstre Rebekka Borsch og Venstre sin leiar Trine Skei Grande.

Rebekka Borsch var opptatt av å snakke fram Buskerudsamfunnet sine naturgitte fortrinn, og basere politikk og retorikk på kunnskap.  Kunnskap er viktig for å ta tak i dei store utfordringane, vere på lag med framtida og på lag med demokratiet. “Under valkampen skal Buskerud Venstre banke på fleire dører og ta i fleire hender enn nokon gong, og vi er i gang!”

Leder i Venstre Trine Skei Grande drog dei store linene frå liberalismens opphav til dagens politiske debatt. “Populisme er prega av kunnskapsfornekting og ikkje kunnskapsspredning, som er eit berande prinsipp i liberalismen.” Noko av det Venstre har levert på i inneverande stortingsperiode er lærarsatsing, utvida studiestøtte til studenter, fleire studieplassar, gratis kjernetid i barnehager som gir lik mulighet for alle, auke i overføringar til kommunane, meir til landbruket, auka satsing på jernbane og meir kapital til grûnderar.

“Venstre går til valg på å skape et klimavennlig samfunn, gjennomføre et grønt skifte og sikre alle like muligheter”.

Hovedsaka for Årsmøtet var Stortingsvalgprogrammet, som skal endeleg vedtakast på Landsmøtet i Venstre i Ålesund 31.3-2.4.

Fleire av forslaga som Ål Venstre hadde spelt inn frå kapittelet om “livskraftige kommunar og regionar” vart vedtekne, og vert del av Buskerud Venstre sine innspel til endelig programutkast.

-Fleirtalet på Årsmøtet lytta til argumentasjonen vår, og stemte for at samanslåing ved tvang berre skal nyttast i heilt spesielle høve, seier leiar i Ål Venstre Anne Kjersti Frøyen. Det er eit viktig prinsipp for Venstre å sikre lokal forankring i slike prosessar.

Ål Venstre fekk ikkje medhald i å behalde “Generalistkommuneprinsippet”.

Landsmøteutsending frå Hallingdal vart Sissel Urke, som representerer Venstre på Fylkestinget i Buskerud.

Det har lenge vore diskutert kva regjeringsalternativ Venstre ser føre seg etter valet i haust. Årsmøtet i Buskerud Venstre gjorde som mange andre fylkeslag i Venstre har gjort, vedtok ein politisk uttale som tek avstand frå eit regjeringsalternativ med FrP.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**