Pål Farstad toppar Venstre si fylkestingsliste

Torill Myren

Pål Farstad frå Kristiansund, oppvaksen i Ålesund, toppar Venstre si liste til fylkestingsvalet i 2019.

Farstad sat i næringskomiteen på Stortinget i perioden 2013-2017 og har mellom anna erfaring som tidlegare fylkestingsrepresentant og medlem av bystyret i Kristiansund. I dag er Farstad medlem av Venstres distriktsutval.

Leiar i nominasjonskomiteen, Gunn Berit Gjerde, er godt nøgd med at tidlegare stortingsrepresentant Pål Farstad stiller som Venstre sin førstekandidat. Vi veit at han leverer!

Britt Giske Andersen

Topp fire

På andreplass kjem Britt Giske Andersen frå Giske. Deretter Frode Heimen frå Molde og ordførar i Vanylven, Lena Landsverk Sande på 3. og 4. plass.

Frode Heimen

Dei neste kandidatane har også brei politisk erfaring og har vist stor gjennomføringskraft både politisk og i yrkeslivet. Britt Giske Andersen er varaordførar i Giske og leiar i Møre og Romsdal Venstre og sit dermed i landsstyret. Frode Heimen er datagründer og medlem i styret i Molde Venstre. Lena Landsverk Sande er ordførar i Vanylven.

Gjerde meiner nominasjonsnemnda har fått til ei balansert liste både når det gjeld kjønn, alder og geografi.

Lena M. Landsverk Sande.

Denne gongen har vi faktisk hatt mest aktuelle damer å velje mellom, i og med at dei fremste av Venstre sine tillitsvalde i Møre og Romsdal er kvinner, seier Gjerde. Alle dei tre faste fylkestingsrepresentantane i dag, Gunn Berit Gjerde, Iver Nordseth og Frøydis Austigard har alle sagt frå seg attval til neste fylkestingsperiode. Det er denne trioen som saman med Andrea Pracy frå Unge Venstre som har utgjort nominasjonskomiteen.

Nominasjonsnemndas innstilling:

01. Pål Farstad, Kristiansund
02. Britt Giske Andersen, Giske
03. Frode Heimen, Molde
04. Lena Landsverk Sande, Vanylven
05. Rita Rognskog, Aukra
06. Amalie Ringdal Birkhol, UV/Stranda
07. Ragnhild Helseth, Kristiansund
08. Kari Grindvik, Skodje/Nye Ålesund
09. Roald Røsand, Averøy
10. Martin Kjøpstad, Vestnes
11. Berit Lyngstad, Ulstein
12. Kjell Johan Vatne, Molde
13. Tove Norøm Rokstad, Smøla
14. Steinar Husby, Sunndal
15. Håvard Urkedal, UV/Haram/Nye Ålesund
16. Anne Ellingsen, Ørsta
17. Kristian Stråmyr, Haram/Nye Ålesund
18. Ulla Hay, Sula
19. Ingebjørg Eide, Eide/Hustadvika
20. Arne Steffen Lillehagen, Rauma
21. Jon Eikrem, Tingvoll
22. Frits Inge Godø, Midsund/Nye Molde
23. Annika Brandal, Hareid
24. Erik Vullum, Aure
25. Brynhild Lund Notøy, Hornindal/Volda
26. Fride Sortehaug, Ålesund
27. Ola Betten, Molde
28. Pål Grødahl, Ulstein
29. Heidi Hogset, Gjemnes
30. Lea Fabri, Smøla
31. Jan Ove Skodje, Giske
32. Magnar Storøy, Herøy
33. Borghild Drejer, Fræna/Hustadvika
34. Nadarajah Gunapalan, Ørskog/Nye Ålesund
35. Per Sefland, Kristiansund
36. Bjarte Roth, Volda
37. Charlotte Hauge, Ulstein
38. Knut Evert Øksenvåg, Averøy
39. Beate Bakken, Nesset/Nye Molde
40. Idar Andre Flo, Hornindal/Volda
41. Annhild Viken Sunde, Fræna/Hustadvika
42. Karina Brunstad Fet, UV/Sykkylven
43. Anny Rønning, Nesset/Nye Molde
44. Arnstein Sæthre, Skodje/Nye Ålesund
45. Christian Ingvaldsen, UV/Giske
46. Mildrid Solli, Sunndal
47. Bjørnar Bøe Lundberg, Kristiansund

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**