Vellykket landsmøte

Nordland Venstres delegasjon på landsmøtet i 2019, Foto: Oda Scheel

I helgen gjennomførte Venstre sitt landsmøte på Hell. Dette ble en solid opptur for delegasjonen fra Nordland og alle andre som deltok

Inngangen på landsmøtet var definitivt ikke den beste. Dårlige meningsmålinger og krangler preget nyhetsbildet. Men takket være engasjerte innlegg fra våre statsråder, statssekretærer, stortingspolitkere, ordførere og medlemmer ble dette en fantastisk helg som definitivt skapte glede og motivasjon.

Landsmøtet vedtok flere viktige uttalelser og ny politikk. Blant annet om distriktspolitikk og våre prinsipper for god by- og stedsutvikling. Viktige elementer fra disse er:

  • Bygge vegstandard til gule midtstripe på alle Europavegar som i dag ikkje har det, før utbygging av nye 4-felts motorvegar
  • Ha som langsiktig mål å byggje meir jernbane i Nord-Noreg
  • Elektrifisere kortbanenettet innan 2040. I tillegg vil Venstre at avgiftsnivået for småfly skal reduserast, for å sikre eit godt tilbod for distrikta.
  • Redusere tungtransporten på vegane, og få meir gods over på sjøtransport og jernbane
  • Sikre at fylka blir raskare i stand til å handtere vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegnettet
  • At 95% av alle husholdningar og verksemder skal ha breidbandstilgang på minst 100 Mbit/s i 2020, og alle skal ha tilgang til stabile mobile tenester av god kvalitet der de normalt oppheld seg seinast i 2023
  • At nye statlege arbeidsplassar som hovudregel skal plasserast utanfor Oslo, og sikre heilskapleg oversikt og koordinering av flytting, nedlegging og oppretting av statlege arbeidsplassar. Innan 2021 skal det utarbeidast ein heilskapleg plan for statlege arbeidsplassar i bu- og arbeidsmarknader i heile landet. Det bør også leggast til rette for sektor-overgripande «statens hus» der mindre avdelingar av fleire statlege etatar er lokalisert i distrikts-Noreg
  • Redusere mva-satsen på sal av mat slik at restaurantar og bensinstasjonar likestillast
  • Sikre nok tilgang av elektrisk kraft slik at alle delar kan få nok tilførsle av fornybar energi for etablering av ny næringsverksemd og for bruk i transportsektoren
  • Vidareføre ein sterk kommuneøkonomi slik at alle får tilgang til gode kommunale tenester
  • Sørge for nærleik til barnehage, skule, eldreomsorg og helsetenester
  • Ta i bruk nye digitale løysingar i helsetenestene. Det trengs særskilt finansiering for å få dette betre i gang.
  • Styrke det desentraliserte utdanningstilbodet, spesielt innan høgskulestudie retta mot profesjonar som lærar, sjukepleiar, barnehagelærar, ingeniør og økonom, slik at det er mogeleg å bu heime under studia og kompetanse og kvalitet blir oppretthaldt i kommunane.
  • Sikre matproduksjon over heile landet

Andre uttalelser som ble vedtatt: