Valprogram: Skule og oppvekst

Stad skal vere ein kommune der det er godt å vekse opp for born og unge. Venstre vil halde fram og styrke satsinga på kvalitet i skulen, og løfte ungdommen sterkare fram.

Stad Venstre vil:

  • Prioritere kvalitet i skulen. Auke ressursane til lærartimar på skulane
  • Legge til rette for etter- og vidareutdanning av fleire lærarar
  • Behalde og vidareutvikle dagens skulestruktur
  • Sikre naudsynt oppgradring/utbygging av skulebygg, barnehagar og andre kommunale bygg
  • Innføre prøveordningar for skulemat og jobbe for at kosthald og matlaging skal vere ein viktig del av undervisninga i skulen
  • Ha auka samarbeid mellom skule og næringsliv, mellom anna ved å satse på entreprenørskap gjennom heile skuleløpet
  • Satse på tidleg innsats, både i barnehage og skule, for born som treng ekstra støtte og sikre nok spesialpedagogiske ressursar
  • Ha fysisk aktivitet ein time for dagen, integrert i undervisninga i skulen
  • Legge til rette for auka pedagogisk bruk av naturen og uteområde i barnehage og skule
  • Sikre eit breitt barnehagetilbod med god bemanning. Ha fleire fagarbeidarar som assistentar, og ha høg pedagogtettleik
  • Ha sterke, gode offentlege skular og barnehagar som basis i tenestetilbodet til born og unge. Samtidig er vi positive til supplerende tilbod, både i privat og ideell regi, i godt samspel med dei offentlege tilboda
  • Sikre gode oppvekstvilkår til barn i familiar med låg inntekt, gjennom til dømes gratis kollektivtransport, fritidskort, støttekontakt-ordning og leksehjelp
  • Vere ein god vertskommune for skular, studentar og hybelbuarar
  • Legge til rette for fleire gode møteplassar for ungdom
  • Styrke ordninga med helsestasjon for ungdom
  • Opprette fleire kommunale lærlingeplassar
  • Legge til rette for fleire sommarjobbar for ungdom gjennom samarbeid næringsliv/kommune
  • Innføre røysterett for 16-åringar og gje Ungdomsrådet auka medverknad og talerett i kommunestyret
  • Krevje betre kollektivtilbud i heile Stad kommune, mellom anna for å legge til rette for at ungdom som bur på hybel kan delta på fritidsaktiviteter på eigen heimstad
  • Innføre ein plan for LHBTI-personar på lik line med dei større byane, slik at også skeive ungdommar og andre kan kjenne seg heime i distriktet
  • Halde på og vidareutvikle ordninga «Heim for ein 50-lapp»

Nyskaping og grøn vekst

Helse og omsorg

Klima og miljø

Kultur, idrett og fritid

Ein sterkare region

< Tilbake