Ny optimisme for oppvekstkommunen Stord

Born i fri naturleik, Foto: Astrid Larsen

Venstre vil ha slutt på nedskjeringar i oppvekstilbodet, og heller utvikla kommunen til ein av landets fremste oppvekstkommune innan 2030.

Eit afrikansk ordtak seier at «Det tar ein landsby å oppdra eit barn.» Så la oss ta det innover oss.

Det er framleis utfordringar – men etter mange års målretta arbeid – går me ut av dette tiåret med Stord i toppsjiktet på eldreomsorg. Samstundes ligg Stord lågt på oppvekst opp mot liknande kommunar. I 2015 blei det gjennomført ein UngData-undersøking i blant elevar i ungdomsskulen og vidaregåande skule. Den visar at svært mange unge kjenner seg einsame og aleine, samstundes som færre deltar i fritidsorganisasjonar når dei kjem opp i tenåra. Dei same tala for 2019 visar at denne trenden aukar. På fira år har einsemd auka frå 16% til 24% blant ungdomsskuleelevane våre. Idretten er stabil, men færre er med i andre fritidsorganisasjonar.

Det er ei rimeleg dramatisk utvikling.

Gode og trygge oppvekstvilkår er sjølve målet, og ei investering i born gir mange gongar igjen på absolutt alle andre sektorar.

Det gjer seg ikkje av seg sjølv å skapa attraktive fysiske sosiale møteplassar for eigenorganisert aktivitet, ha eit mangfald av organiserte fritidstilbod med gode frivillige eller profesjonelle vaksne, eller høve for born og unge å ha tilgang på det uavhengig av økonomi. Det må prioriterast. Både i og utanfor kommunestyrsalen – både med ord og handling.

Det er skuffande at Arbeidarpartiet, SV, Senterpartiet og KrF heller vel å redusera ressursane til dei tilsette og borna i skulen, og skyva titalls elevar ut frå Kulturskulen.

Venstre har i våre alternative budsjettforslag prioritert oppvekst. Me vil gje skulen og barnehagen dei ressursane dei treng til å utøva yrket sitt til det fulle. Og alle born i Stord Kommune skal ha rett på eit fritidstilbod, og eit mangfald å velja av. Det er mykje me kan gjere i fellesskap for å motverka einsemd blant born og unge. Og det skal me gjere.

Som ein kommune rik på pedagogar, utdanningsmogelegheiter og ein lokal høgskule så har me alle føresetnadar for å ligga i tet på oppvekstkår for born og unge.

Om Venstre kjem tilbake til makta i Stord Kommune vil me stilla krav om ein full stopp i fleire nedskjeringar i skule- og oppveksttilbodet til barn og unge. Og vil prioritera ein målretta, realistisk og optimistisk ambisjon om Stord som ein av landets fremste oppvekstkommunar innan 2030.

Med liberal helsing,

Geir Angeltveit
Ordførarkandidat Stord Venstre

 

 

 

Camilla Elen Berg Larsen
2. kandidat Stord Venstre