Den minste sparegrisen

pexels.com/
Kjersti Vevatne, gruppeleiar og heradsstyrerepresentant for Venstre, skriv:

For nokre dagar sidan møtte eg på Coop ein som har gått ut av osterøypolitikken. Vedkommande ville høyre litt om budsjettprosessen i år, og kommenterte: ….”No knuser vi den aller minste sparegrisen”. Det er eit relativt godt bilete.

 

Eg har opp gjennom åra som folkevald sagt og skreve mykje om den økonomiske situasjonen for kommunen, først fordi vi 2016 (før vedtak om nei til Bergen) fekk eit tydeleg varsko om meir oppgåver og økonomiske innstrammingar – som ikkje var til å misforstå. Deretter som følge av meir og meir dystre framtidsutsikter i åra etterpå. Til haustens val hadde Venstre absolutt ingen valløfter – ikkje anna enn å jobbe for ein kommune som er open og tydeleg. Allereie våren 2019 – i god tid før valkampen – varsla Rådmannen at vi gjekk inn i ein haust der vi måtte kutte 30 millionar. Budsjettframlegget nå i desember viser at prognosane hennar før sommaren var rette. Eg skal ærleg innrømma at valkampen var noko småabsurd for min del – der eg kjende meg som mørkemannen – medan andre ville jobba for skulemat, meir bemanning, mindre eigedomsskatt og appelerte til dugnadsånd og stå-på-vilje i kommunen. Men ein kommune går ikkje rundt på luft og kjærleik.

I 2016 skreiv eg:
“Å velje å ikkje endre kommunegrensene er ikkje det same som å “halde fram som i dag”. Nye Osterøy, med uendra kommunegrenser vil vere noko anna enn det vi kjenner”.

I 2020 vil vi verkeleg merke desse endringane i inntektssystemet. Året etterpå, 2021, skal vi skru enno nokre knepp ned i tenestene.

Mange etterspør kvifor det ikkje vert jobba meir med å skaffe inntekter til kommunen, sidan det tydelegvis er for lite inntekter og for høge utgifter. Det er eit opplagt godt spørsmål. For å kunne jobbe godt med å auke inntektene til kommunen, må ein sjå på korleis det er sett saman. Tala under gjeld kommunenorge generelt, ikkje Osterøy spesielt. Kjelde.

  • Om lag 40% av kommunane si inntekt kjem som overføring frå staten. Å jobbe for å auke staten sitt bidrag er ein tung og nasjonal affære, men heradsstyret har i samla flokk laga eit opprop der vårt problem er påpeikt. Kvart parti må også jobbe inn mot sine partiorgan – men vi veit samtidig at samfunnet er i endring på grunn av eldrebølge, omstiling etter oljealderen og klimaendringar. Uansett politisk farge vil det vere nye forventningar og krav om omstilling i kommunenorge.
  • Om lag 39% av kommunane si inntekt kjem som skatt frå innbyggarane (via staten). Ja, Osterøy kan heilt klart jobbe med å tiltrekke seg fleire innbyggarar for å auke skatteinngangen. Vi har jo ei flott øy med flinke og gode folk. Da bør kommunen ha fokus på to område:
    • gode kommunale tenester – særleg innan barnehage, skule, SFO – slik at det vert attraktivt for folk som er i arbeid å flytte hit. Det første dei nyinnflytta vil spørre etter er barnehage, skule og fritidstilbod til ungane. Denne sektoren er den aller viktigaste å ikkje kutte i – rett og slett fordi den er avgjerande for den snuoperasjonen som Osterøy må ha.
    • legge til rette for næringslivet. Alle initiativ som fører til utvikling, nyskaping og arbeidsplassar må heiast på! Her bør vi bli meir “rå” rett og slett. Vi har inga tid å miste.
  • Om lag 14% av kommunen si inntekt er gebyr som innbyggarane betaler for visse tenester. Å auke gebyra ønskjer vel ingen. Det er også slik at ein skal ikkje ha høgare gebyr enn det som er naudsynt for å få tenesta levert. Ingen mulighet (eller ønske) om å auke inntektene her med andre ord.
  • Det som gjenstår i kakestykket er ca. 7% som er “anna inntekt“. Dette er bl.a eigedomsskatt – som me burde ha redusert vesentleg for å vere meir attraktive. Problemet er at drifta i kommunen kollapsar dersom vi reduserer eigedomsskatten – og kven vil flytte til ein kommune som ikkje greier å levere heilt grunnleggande tenester? Det er heilt riktig at høg eigedomsskatt kan forhindre at folk flyttar til Osterøy. Men sidan kommunen nå lever frå hand til munn – så har me ikkje muligheten til å midlertidig dekke inn inntektstapet som eit reduksjon i eigedomsskatt ville føre til.

I morgon drøftar Osterøy Venstre budsjettet i gruppemøte på rådhuset. Det same gjer alle dei andre partia. For å vere heilt ærleg; det er fint lite politikk igjen. Spørsmålet vert om der finst kuttforslag frå rådmannen som vi bør finansiere med sparegris-kroner, fordi dei er i gråsona for kva som er lovleg. Vi er ille ute, og det finst ikkje midlar som kan omfordelast. Vi kan ikkje prioritera, og vi kan knappast skjerme. Den minste sparegrisen ryk nå før jul, og til neste år må me kutte minst 25 nye millionar.

Eg har vore tydeleg ovafor alle parti at Venstre kjem, også i år, til å fremme forslag om at Rådmannen tar kontakt med Fylkesmannen for å drøfte moglege vegar å gå for at Osterøy kan bli del av ein større kommune. Men uansett utfall av ei slik votering på onsdag, så er Venstre med på å dra lasset saman med andre for å prøva å oppretthalda eit godt nok nivå på tenester i kommunen, og ikkje minst å sette fokus på utvikling og nytenking. Dette vil me trenge – kommunesamanslåing eller ei – for å greie å snu ein økonomi som ikkje er berekraftig. Ein snuoperasjon må til, med von om det at ikkje vert for lite, for seint.

Kjersti I. Vevatne