Skole og oppvekst

Evy Beate Stykket

Venstre satsar på skulen!

Barn lærer best når dei har det bra på skulen, så det fysiske og psykiske skulemiljøet på skulane i Midt-Telemark kommune er svært viktig. På Gvarv skal det byggast ny barne- og ungdomsskule, og i Bø er det behov for ein ny ungdomsskule. Alle elevar på alle skular i kommunen har krav på god tilgang til helsesøster, og denne tenesten må prioriterast. Som skuleeigar har kommunen ansvar for å legge til rette for at både lærarar og elevar har rom for å vidareutvikle seg og ha ein skulekvardag som er prega av trivsel og engasjement. Ein bør og rigge skulen slik at me har ein felles tanke for kva “Midt-Telemark-skulen” er, der det vert arbeidd mot felles mål og innanfor same satsingsområde.

Me har stadig fleire born i lokalsamfunnet som er to- eller fleirspråklege. Det er ein ressurs å kunne fleire språk, men lærarar og barnehagetilsette må ha tilstrekkeleg kompetanse for å kunne hjelpe desse borna til å lære best mogleg og mest mogleg. Denne kompetansen finst, men ein må ha ein plan for korleis dei tilsette som har slik kompetanse, kan få bruka den til gode for flest mogleg av desse borna.

For å auke motivasjonen til dei eldste elevane kan det vere nyttig med eit undervisingstilbod òg litt utanom det vanlege, der ein involverer folk frå næringslivet som har erfaring med teoretiske fag på ein annen måte, i ei såkalla Lektor2-avtale.

SFO er ein viktig plass å vera for mange ungar, og det er om å gjera at innhaldet er med på å gje ein meirverdi i kvardagen for dei som brukar ordninga. SFO er eit økonomisk løft for mange foreldre. Søskenmoderasjon bør derfor gjelde på tvers av barnehage og SFO.

Mange aktivitetar kostar meir enn det nokre foreldre kan betale for billettar og kontingentar. Kommunen har derfor eit særskilt ansvar for å sørge for at alle får vere med. Lag og foreningar som legg til rette for aktivitetar for born av fattige foreldre bør derfor få ekstra støtte frå kommunen.

Gullbring vil bli storstova til heile den nye kommunene vår. Det er viktig å sikre at alle får tilgang til tilboda der, uavhengig av alder, interesser, økonomi og andre forhold som formar oss som menneske. Gullbring må tilby ein stor variasjon i kulturtilbodet og det må vere noko der for alle.

Dei private skulane i den nye kommunen vår styrker mangfaldet i oppvekstmiljø og er positivt for valfridommen til innbyggarane.