Verdiskaping og arbeid

Erik Falkenstein

Vi legger til rette for gründere og næringsliv

Næringslivet i Midt-Telemark er i vekst. Jordbruket står sterkt i heile kommunen, og kommunen er leiande innan frukt- og bærproduksjon. Små og mellomstore bedrifter innan bygg og anlegg, industri og tenesteyting utgjer ein stadig større del av næringslivet. USN er i seg sjølv ei stor bedrift, og har knytt til seg mange andre bedrifter innan rådgjevande tenesteyting. Statlege arbeidsplassar er òg etablert i kommunen.

Bø er allereie eit viktig regionsenter og ein motor i regionen. Dette må me trygge gjennom å blant anna satse på eksisterande bedrifter og verksemder og stimulere til fleire nyetableringar. Handelen i Bø er i sterk vekst, og forutsigbare arealplanar og gode rammer for etablering av handelsnæringar har vore ei suksessoppskrift. Me ønsker å vidareføre slike forutsigbare rammer for å på den måten trygge eksisterande arbeidsplassar og stimulere til vidare vekst.

Venstre ønskjer å trygge arbeidsplassane knytt til landbruket, og spesielt ønsker me gode rammer for fruktproduksjon og vidareforedling i den nye kommunen. Små og mellomstore bedrifter er viktige for Venstre, og me ønsker å stimulere til nyetableringar. Midt-Telemark Venstre meiner at det er viktig at kommunen har eit breitt samarbeid både med fylkesnivå og regionnivå for å ta i bruk virkemiddelapparatet til gode for næringslivet i kommunen. Kommunen må legge til rette for at næringslivet har gode utbyggingsområde og godt tilrettelagte transporttilbod.

Kommunen vår er i vekst, og det er viktig å legge gode planar for korleis veksten skal skje. Handelsnæringa aukar, og det er viktig å halde liv i butikkane i sentruma våre. Strenge sentrumsgrenser har vore viktige i den samanheng, og Midt-Telemark Venstre vil fortsatt halde på at detaljhandel bare skal skje i bygdesentra våre.

Vidare utviklinga av kommunen skal funderast på ei heilskapleg areal- og samfunnsplanlegging, der sentrumsområda i bygdene tar hovudvekta av busetnaden. Dette sikrar jordvern og effektiv transport, og er viktig for å verne naturområde.