Stord Venstre ønsker Stord folkehøgskule velkommen

Storddøro, Foto: Geir Angeltveit

Den spennande og kreative folkehøgskulen på Stord fekk i 2020 750.000,- i Oppstartsmidler, og får konsesjon til oppstart frå 2021.

Det kunne regjeringa med klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn formidle tidleg i oktober.

Mange spennande linjer, sjekk dei ut her:

Entreprenørskap-linja, for deg med bedriftsidear som vil starte studentbedrift, lage festival eller mykje anna spennande.

Første steg mot Politihøgskolen starter på Stord folkehøgskule. Kor du får eit år med førebuing og trening, kombinert med nasjonal vekterutdanning og polititeoretiske fag!

Motocross-linja på Stord folkehøgskule byr på spennande opplevingar, minner og vener for livet. Og mykje køyring!

Du lærer deg å produsere og skape liv til alle mogelege skjermer. Manus, Kamerateknikk, skuespiller, lyd, lys, studio og redigering. Lag Film-og TV-sendingar, sosialt og utruleg lærerikt.

Nyt friluftslivet med nye vener i vakker natur, på Stord folkehøgskule. Midt på vakre Vestlandet ligg øya Stord høgt over fjorden, og portalen til Hardanger. Eit sosialt år der du får senka skuldrene med nye opplevingar.

Eit intenst, variert og spennande skuleår der du får utøvd og prøvd mange forskjellige idrettsaktiviteter. Inne ute, vått og tørt, intenst og krevande, men alltid gøy og spennande!