Personvern/GDPR, Spørsmål til administrasjonen i Midt-Telemark kommune

Personvern/GDPR:

• Personvernlova stiller krav om at all handsaming av personopplysningar skal vere “lovlig,rettferdig og open”. I praksis gjer ein dette ved å lage ei personvernerklæring som opplyser elevar og føresette om korleis opplysningar blir handsama. Korleis blir dette praktisert i kommunen?

• Born under 13 år kan ikkje gje samtykke, så korleis er samarbeidet med heimane på dette punktet?

• Korleis kan ein få tilgang til lagra informasjon, slik ein har rett til?

• Korleis vurderer ein personvern og informasjonssikkerheit for den enkelte registrerte brukar av iPad og ulike program i undervisninga? Er dette opp til den enkelte lærar, eller finst det ein plan eller interne rutinar for å vurdere korleis ein samlar inn og behandlar opplysningar om born?

• Har ein vurdert og/eller gjort risikoreduserande tiltak på dette området?

• Har lærarar og anna undervisningspersonell fått tilstrekkeleg opplæring i Personopplysingsloven (POL) og GDPR og i korleis ein vurderer appar og program?

• Korleis blir personvernombodet involvert i rullering av digitaliseringsplanen og andre rutiner som gjeld digitalisering og dermed peronopplysingshandsaming i kommunen?

• Har kommunen ei samla oversikt over kva for program og appar som samlar inn personopplysningar i samband med undervisning, og kva for opplysningar det er snakk om? Ifølge regelverket skal ein ha ei slik oversikt.

• Korleis sikrar ein at elevar og føresette kan få utøve sine rettigheitar etter POL/GDPR?

• Kva for rutiner finst for å handtere personvernbrot som skjer gjennom materiell eller programvare som kommunen er ansvarleg for? Korleis oppdagar ein brot, og korleis blir eventuelt berørte varsla?

• Finst det rutiner for å følgje opp personvernreglane etter at dei digitale einingane er distribuert til skulane?

• Når blir opplysningar om brukarane sletta? Har ein ei avtale med leverandør om handsaming av data når ting blir returnert/destruert?

Pedagogisk bruk av digitale verktøy:
• Kva for strategi har ein for å sikre digital kompetanse hos undervisningspersonell?

• Digitale verktøy er svært nyttige når dei blir brukt rett. Får dei lærarane som ønsker det,
kursing/vidareutdanning slik at ein sikrar god bruk av digitale verktøy?

• Kven tek initiativ til distribuering av digitale verktøy? Ber lærarane om å få det, eller skal/må
alle bruke det uansett?