Ein heilheitleg ungdomssatsing – Haram Venstre sine fem punkt mot utanforskap blant unge

Flertallskonstelasjonen radbrekker skolene i Haram., Piron Guillaume - Unsplash

Ein av dei største utfordringane Haram kommune står ovanfor dei neste åra er utanforskap blant dei unge. Her er Haram Venstre sine fem punkt mot utanforskap blant unge.

  1. Ein meir praktisk ungdomsskule
    Alt for mange barn og unge er skuletrøytte før dei er ferdige med ungdomsskulen. Det må vi gjere noko med elles vil det bli mange som fell utanfor grunna manglande fagbrev eller anna utdanning. Haram Venstre vil skape ein meir praktisk ungdomsskule.
  2. Fleire lærlingplassar
    I dag har Haram kommune 12-13 lærlingplassar. Haram Venstre vil ha dette talet opp til 30, og øyremerke 15 av dei til unge som står i fare for å falle utanfor. “Opplæring i bedrift” er ein ordning der ein snur skuleløpet på hovudet og startar med mykje praksis og tar teorien meir etter kvart. For ein som er skuletrøytt kan dette redde fagbrevet.
  3. Byggje laget rundt lærarane
    Den store utfordringa i Haramsskulen er ikkje lærarane. Vi har blant landets beste lærarstand, men dei treng hjelp og avlasting. Venstre vil la læraren vere lærar og byggje laget rundt læraren og eleven med større helsesjukepleiarressurs og fleire barne- og ungdomsarbeidarar, vernepleiarar, hjelpepleiarar og sosionomar. Det vil ta vare på våre barn og unge på ein mykje betre måte.
  4. Større satsing på psykisk helsevern
    Det er ikkje berre i skulen vi må satse på det psykiske helsevernet. Vi må, i samarbeid med kommunane rundt oss, skape fleire behandlingsplassar, raskare tilgang til hjelp og auke moglegheitene for godt ettervern. Å bygge opp unge er mykje meir effektivt enn å reparere vaksne.
  5. Gratis buss
    Haram Venstre sin ungdomskandidat, Matias Hoem Bjurbeck, sa det veldig greitt: “Ja, det er miljøvenleg med buss, men vel så viktig er det at det motverkar einsamheit og utanforskap.” Vår første prioritet er å få sett ned månadskorta med 250 kroner, men vi har tru på at Haram kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune kan kome fram til eit prøveprosjekt over to år med gratis busser der kommunen og fylkeskommunen bidrar saman.

 

Tilbake til forsiden.