Stord skal koma i noregstoppen!

Venstre er eit parti som støttar næring og nyskaping. Eit skapande og byggjande næringsliv gjer at me kan nyta alle dei godene me har i samfunnet vårt. Då må me støtta opp om og ivareta det næringslivet me har i nærleik til oss sjølve. Det vil me i Stord Venstre. Av vår Ungdomskandidat.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Det verdiskapande næringslivet er sjølve grunnlaget for Noregs velferd. Verdiskaping er også grunnleggande for at ein på lokalt plan skal kunna ha eit levedyktig samfunn med varierte tilbod. Der konkurranse mellom verksemder er med på å skapa eit best mogleg alternativ for borgarane. Me treng fleire bein å stå på i møte med framtida, og Venstre er opptatt av mellom anna; gode vilkår for sjølvstendige næringsdrivande, dei mindre verksemdene og dei som ønskjer starta for seg sjølv.

Industri

Me i Venstre ser at det er den verdiskapande åtferda som er grunnlaget for mykje av den gode velferda me har på Stord. Me er ein kommune med mykje gode verdiskapande verksemder og me er flinke på å legga til rette for nyskaping, nye verksemder, nye tankar og idear. Men me kan verta enda betre. Me treng ikkje sjå lenger enn til Bømlo, der ein er i noregstoppen kva gjeld nyskaping og nye verksemder. Bømlo og Stord har så like føresetnadar at det skulle vore mogleg for oss å hevda oss i enda større grad enn det me gjer i dag.

Når me i Venstre tenkar næringsliv så ser me fyrst og fremst på dei mindre verksemdene og har eit ekstra fokus på nyetablering. Det er dei små verksemdene som i størst grad treng å hjelpast for å bli store og sterke, kreative og skapande. Det som gagnar dei små verksemdene vil som oftast også gagna dei store, det er det som er så fint med marknaden. Den heng i hop.

Det er nokre tiltak me ønskjer å prøva ut eller implementera heilt. Eit av desse er eit prøveprosjekt der me anten kuttar sterkt i arbeidsgivaravgifta for lærlingar i kommunen eller fjernar den heilt. Dagens ordning med at staten fyrst betalar 25% av lærlingløna for så å ta 14% av løna att i arbeidsgivaravgift er for oss urimeleg. Arbeiderpartiet ønskjer at ein skal lovfesta retten til lærlingplass. Dette vil kun føra til at ein tving på verksemder fleire lærlingar enn dei innan rimeleg grad kan gi tilstrekkeleg opplæring. – Ved å fjerna den straffa næringslivet får ved å måtta betala arbeidsgivaravgift, vil ein heller stimulera verksemder til å ta inn så mange lærlingar dei har kapasitet, økonomi og ønskje om. Venstre vil arbeida for at Stord Kommune skal verta ein prøvekommune for redusert arbeidsgiveravgift.

Jobb

Foto: Håkon Frode Særsten

Eit anna tiltak me har hatt nokon år er eit samarbeid med fylkeskommunen for at elevar ved vidaregåande skule skal ha høve til å kunna få erfaring med drift av elevverksemder. T.d. Ungt Entreprenørskap. Ei slik ordning har lykkast mange andre stadar og er med å støtta opp om dei unge og kreative som vil ta steget vidare og sjå kva dei kan få til. Det å skapa sin eigen arbeidsplass er noko av det mest positive ein kan få til, og då skal me sjølvsagt støtta dei for alt det er verdt!

Når me tenkar i banane om å leggja til rette for nye verksemder så må ein også ha tankar om konkrete tiltak. Det me i Venstre ønskjer å gjera er å rehabilitera allereie eksisterande sentrumsnære hus eller ved at ein byggjar nye hus, næringsparkar / gründerhotell. Desse fungera slik at ein eliminerar mykje av det som ofte står i vegen for nye verksemder. Det som gjeld papirarbeid og lokalar. Ein gir også rådgjeving- og revisorassistanse slik at ein ikkje vert stoppa og demotivert av ei til tider uoversiktleg papirmølla.

Dette er nokre av dei sakane Stord Venstre vil kjempa for og allereie kjempar for. Mykje står på nasjonalt plan, men det er også mykje god innsats ein kan og skal gjera på lokalt plan.

Geir Angeltveit
Ungdomskandidat for Stord Venstre

– Dette lesarinnlegget var på trykk i Sunnhordland 7. Juli 2011

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**