Til innhold
Bilde med Guri Melby med teksten "Stem Venstre."

På lag med framtida

Etne Venstre sin visjon

Etne endrar seg, miljø og natur endrar seg. Etne Venstre vil sikra eit godt lokalsamfunn som stimulerer born, unge og eldre til gode liv og positiv utvikling, tilbod om interessante arbeidsplassar som og tek vare på natur og miljø.

Det gjer me ved å:
• heia på gründerne
• ta ansvar for nærmiljøet og naturen vår
• skapa gode oppvekstmiljø som utviklar born som tek vare på seg sjølv, kvarandre og samfunnet rundt seg
• gi unge og eldre som treng det eit godt og variert bu- og hjelpetilbod
• satsa på frivillig innsats både frå unge, vaksne og dei eldre som har lyst og krefter til å gjera ein innsats for fellesskapet