Årsmøteuttale: Oppland Venstre støttar 3-årig studiespesialisering på Dombås

Oppland Venstre vil støtte arbeidet til innbyggjarane i Lesja og Dovre, og leite etter vegar for å finne ei løysing, slik at ungdom nord i Oppland får eit likeverdig skuletilbod som ungdom i resten av fylket.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


Oppland Venstre vil fortsette arbeidet med å sikre eit 3-årig studiespesialiseringstilbod på Dombås.
Fylkestinget vedtok i desember 2013 at ungdom i Lesja og Dovre skal få eit 1-årig vidaregåande skuletilbod på Dombås, men at dei må reise til andre skuler for å ta 2. og 3. året. Dette betyr at mange elever må flytte på hybel eller sitje mange timar kvar dag i buss frå heimen til skulen.

Studenter, høgskole, universitet, studier

Foto: Microsoft

Alle innbyggjarane i Lesja og Dovre meiner at elevar ikkje vil søkje til eit 1-årig tilbod, men i staden flytte heimanfrå etter 10. klasse. Dette vil få store ringverknader for dei to kommunane i
Nord-Gudbrandsdalen, med bl.a. fråflytting, forgubbing, færre arbeidsplassar for høgt utdanna, mindre tilbakeflytting m.m.

Det har vore eit enormt engasjement frå grasrota og opp til toppleiinga i Dovre og Lesja
(1000 personar i fakkeltog på Dombås, buss med folk i alle aldrar til fylkestingsmøtet, mange avisinnlegg). Ei upolitisk aksjonsgruppe frå begge kommunane er etablert for å finne ein utveg.

Venstre har slagordet Folk først. I denne saka har ikkje folkets meining og elevanes beste vore satt først, men i staden økonomi, sentralisering og idear om at store skular er best. Hjerleid har vist seg å vera heilt i toppen når det gjeld trivsel, eksamensresultat og lite fråfall. Elevane har søkt seg studiespesialisering på Hjerleid sidan 1970-talet, og skulen har vore ein attraktiv arbeidsplass for dyktige lærarar. Liten og god!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**