Til innhold

Geir Angeltveit

Geir Angeltveit (34), og utdanna i arbeids- og organisasjonspsykologi. Geir er kommunestyremedlem på Stord, og er medlem av utval for Oppvekst og Kultur.

Geir er fødd opp oppvokst på Stord, men har i dei seinare åra også budd mange andre stadar, som Ålesund, Trondheim, Ecuador og sist seks år i Bergen.

I 2018 tok Geir initiativ til å oppretta Stord Folkehøgskule, og skulen vart grunnlagt i 2021. Der arbeidar han som Driftsleiar med personalansvar, økonomiansvar, marknadsføringsansvar og drift av sommarhotell og bygg.

Korfor stemmer du Venstre?

– Eg stemmer Venstre fordi eg er svært opptatt av ein heilskapeleg politikk. Der miljø og personleg fridom vert lagt til grunn for politikken. Venstre har gode løysingar på utfordringar med arbeidsløyse, ein ønskjer å ta vare på miljø og klima og ein vil styrka kulturlivet, skulen og samfunnet gjennom å legga til rette for at kvar og ein skal få høve til å velja det ein sjølv ønskjer, og det som passar seg. Det er vårt ansvar som politikarar å tilretteleggja for at kvar og ein kan ta val for seg sjølv, det er ikkje vårt ansvar å velja for folk.