Stord Venstres valprogram 2019-2023

Leirvik, Foto: Geir Angeltveit

Optimisme inn i eit nytt tiår
Stord Venstre sine representantar i kommunestyret vil arbeida ope og breidt for å bygga Stord med glød, optimisme og entusiasme.

Me ønskjer å nytta det kommande tiåret til å omstilla kommunen til ein berekraftig og miljøvenleg ambassadør i samfunnet. Me må ta vare på nærmiljøet våras og ta ansvar for vår eiga forureining. For Venstre er klima- og miljøsaka meir enn fine ord i valkampen. Me følgjer det opp i praktisk politikk også i kommunestyret.

Samstundes er vår ambisjon å skapa ein av landets fremste kommunar å veksa opp i. Ein kommune som set born og unge, og dei me har felles omsorg for først. Derfor vil me snu trenden til dagens raudgrøne koallisjon med å kutta i skule- og fritidstilbodet i kommunen.

Geir presenterar miljø-tiltak.

Og me skal vere støttespelar i næringslivet sitt arbeid med den grøne omstillinga. Me skal stilla miljøkrav i våre innkjøp, og bistå dei i arbeidet med å få oppdrag og nysatsingar opp å gå.

Eg som ordførarkandidat og gruppeleiar for Venstre er på jobb for Stord. Når det kjem til institusjonar i vår region frontar eg desse alt eg kan. Me arbeidar for gode samferdsleløysingar og nyetableringar her. Me vil halda fram med å gjera jobben opp mot sentrale og regionale styresmakter.

Våre verdiar er handfaste. Me meinar at kommunen skal tilrettelegga for at kvar og ein skal kunna skapa eit best mogeleg liv for seg sjølv. Kommunen skal bidra til frivilligheita, vere positiv i møte med ulike initiativ og aktivt arbeida med å inkludera nye innbyggjarar i kommunen.

Viktig oppi det heile er at me er lyttande. Me skal halda fram med å vere eit ope og tilgjengeleg lokallag. Du skal kunna snakka med oss.

Stem Venstre 9 september. Godt val!