Openheit skapar tillitt

På kommunestyremøtet torsdag 16. Februar kjem Venstre og meg til å føreslå mellom anna å etterfølgja hovudregelen om opne kontrollkomitemøter. Samt å gjennomgå kommunens ståstad i høve den reviderte offentlegheitslova. For Venstre er openheit og innsyn i kommunal forvaltning og i dei sakar som politikarane syslar med i kommunen, ei svært viktig sak.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


– Interpellasjon om Openheitsindex
– Interpellasjon om Openheitsplakat

– Denne fråsegna var på trykk i Bladet Sunnhordland den 16. Februar, 2012.

Openheit

Sidan 2008 har kommunestyremøta vore sendt direkte via nett, samt ligg alle opptaka tilgjengelege for alle. Nett-TV overføringane frå møtene er etter alt å døma blitt ein suksess. Ikkje berre for openheit, men også for interessen blant borgarane, som no kan sjå kva som skjer inne i kommunestyresalen. Det har gjort salen til ein allmenn kringkastar for oss politikarar som ynskjer å nå ut til medborgarane med våre synspunkt, kommunestyresalen har blitt oppgradert til ein ny demokratisk arena.

No er tida inne for at kontrollutvalet skal få same reform — utvalet som har vore ei lukka affære i denne kommunen i ei årrekka. I kontrollutvalsboka utgitt av Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) er det avsatt eit heilt kapittel på å trekka fram kontrollutvalets arbeid. Der kan me lesa "Openheit er i seg sjølv eit mål for den offentlege forvaltninga. Synleggjering av kontrollutvalets arbeid vil vera viktig for å skapa tillitt til at kommunen er underlagt ein tryggleiksskapanda folkevald kontroll." Kloke ord frå departementet — det er på tide å gjera noko med dette og setta orda ut i handling.

Journal, mappe

Foto: Microsoft

Dette tydar at alt arbeid som kontrollutvalet er knytta til – det vera seg regelverk for å hindra korrupsjon, auka kontroll ved kommunens pengebruk, rettningsliner for kommunale og interkommunale føretak, etikk knytta til habilitet, prosedyrar for offentlege anskaffingar og mykje, mykje meir, er av interesse for innbyggjarane, og ikkje minst premissleverandør for den offentlege debatt kring politikaranes kontroll med fellesskapets verdiar.

For Venstres del er openheit eit viktig demokratisk poeng. Kommunen er til for borgarane, og borgarane skal ha høve til innsyn i styret. Det er også eit sjølvstendig poeng at kommunens system skal vere enkle og tilgjengelege for borgaren, og at nettsida skal yte borgaren enkel og god hjelp.

Venstre vil også fremma bruken av openheitsplakaten. Openheitsplakaten vart på initiativ frå Venstre vedteken i ei rekkje kommunestyre, bystyre og fylkesting i 2004. Sidan då har Offentleglova blitt revidert, og to nye kommunestyre har teke til på sine valperiodar. Openheitsplakata går ut på at ein har synlege og klare rettningsliner i høve sakshandsaming i kommunen, samt rettigheitar iht innsyn.

Etter Venstres meining er det stadig behov, både for folkevalde og tilsette, å minne seg sjølve på at praktisering av openheit i alle prosessar er eit viktig demokratisk poeng i seg sjølv. Kommunen er til for borgarane, og borgarane skal ha høve til å kontrollere styret. Openheit er ei bærebjelke i lokaldemokratiet, og ein føresetnad for god informasjonsflyt til kommunens innbyggjarar, til dei tilsette og til dei folkevalde.

Så, vil ordføraren ta initiativ til at kommunestyret vedtar Openheitsplakaten som eit prinsipielt utgongspunkt for kommunens forvaltningspraksis, samt betra kommunens resultat på indikatorane på Openhetsindeksen 2011, slik at openheita vert betra og kommunens score aukar?

Geir Angeltveit, Ungdomskandidat Stord Venstre

Med liberal helsing,

Geir Angeltveit
Kommunestyrerepresentant
Stord Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**