Ny reiselivsfagskule til Geilo i Hallingdal?

Utvalsleiar Sissel Urke (V) ynskjer seg reiselivsfagskule i Hallingdal., Foto: Steinar Bleken

– Fylkestinget har bede Fagskolen Tinius Olsen sjå om det går an å få til ein reiselivsfagskule i Hallingdal, seier leiar i hovudutval for utdanning, Sissel Urke (V) frå Ål.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**

Dermed kan det verte fleire arbeidsplassar i dalen og ungdomar kan lettare velje dene retninga når dei skal bestemme seg for eit framtideg yrke.

Det vert oppstartsmøte 11.mai for å sjå på moglegheitene for å få etablert ein fagskule på Geilo. Målet for det opne møtet er å få reiselivsnæringa på banen.

Kanskje vert det reiselivsfagskule på Geilo?
Kanskje vert det reiselivsfagskule på Geilo?


Venstre tok initiativet

Initiativet til reiselivsfagskulen kjem frå Buskerud Venstre.

Før forrige kommune- og fylkestingsval programfesta partiet ønsket om ein fagskule for reiseliv i Hallingdal. Og då Venstre saman med SV, MdG, Sp og Ap forhandla fram ein samarbeidsplattform, vart fagskulen løfta vidare opp eit nivå.

Sidan har det vorte fleirtal både i hovudutval for utdanning og i fylkestinget for å satse vidare på fagskulen.

Kun ein reiselivsfagskule frå før i landet

– Frå før er det kun ein fagskule for reiseliv i Norge. Han ligg i Lofoten, seier Urke. Ho meiner at mykje ligg til rette for at Fagskolen Tinius Olsen med hovudbase i Kongsberg kan starte opp det eitt/toårige utdanningstilbodet.

– Det er langt å reise til Lofoten, så eg trur absolutt at det vil vere elevgrunnlag for ein slik fagskule her i Sør Noreg, også, seier venstrepolitikaren. Ho er spent på responsen frå reiselivsnæringa på Geilo.

– Eg vonar dei ser nytta av ein slik skule og dei positive synergiane ein reiselivsfagskule kan gi, seier Urke.

Les også: Studentene er del av et levende sentrum i Kongsberg

Kanskje 2018?

Sissel Urke er optimist når det gjeld når ein reiselivsfagskule i Hallingdal kan vere på plass.

– Vi satsar på å kunne ynskje nye studentar velkomne hausten 2018, seier ho.

Så her er det ingenting å seie på ambisjonane.

– Følg Buskerud Venstre på Facebook
Buskerud Venstre

– Følg Buskerud Venstres stortingskandidat på Facebook
Rebekka Borsch – Venstre

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**