Ti tiltak til Bornas Tiår på Stord

Born i fri naturleik, Foto: Astrid Larsen

Det nesta tiåret ønskjer Stord Venstre å nytta til å gjera Stord til ein av landets fremste kommunar å veksa opp i. Her er nokre av våre fremste tiltak.

  1. Skulefritidsordninga
    SFO er avgjerande for at mange familiar skal få dagane til å gå i hop, men den er dyr og dei tilsette er for få på jobb til å gjere alt det dei sjølve og borna gjerne kunne tenkt seg. Me vil reformera SFOen på Stord. Den skal vere verdig det ansvaret den har, og me skal bemanna den tilstrekkeleg. SFO er ikkje barnevakt, det er livet.
  2. Klassestorleik
    I skulen og barnehagen vil borna læra mykje av si sosiale utvikling. Under læraren si rettleiing kan borna prøva grenser og læra i fellesskap, då må læraren ha tid til å vere seg sjølv på sitt beste. Derfor bør storleiken på skuleklassane ned.
  3. Barsel- og jordmoromsorg
    Skal me ønska borna velkommen på best mogeleg vis treng me mødre og familiar som er trygge på seg sjølv og er klare for å ta imot bornet. Med 250 svangerskap i året er det vanskeleg følgja opp alle så godt som ein ønskjer. Trygge foreldre gir ein tryggare oppvekst. Me kan førebyggja mykje ved tidleg og god innsats, også før fødsel.
  4. Leikeplassar
    Ein leikeplass i sentrum er flott, men mange sine beste barndomsminne er med borna i nabolaget frå leikeplassen eit steinkast frå huset ein veks opp i. Derfor ønskjer me å gjeninnføra leikeplassfondet i kommunen, så alle nabolag kan ha reiler og klatrestativ. Dyrt er det ikkje, men himla praktisk.
  5. Barnevernet
    Barnevernet og våre førebyggande tenester er mange sine reddande englar. Kommunen skal ha ein handlekraftig Handlingsplan mot vald og overgrep som reiskap i kvardagen. Det skal vere fuge mellom flisene.
  6. Barnehage Friluftsbarnehage
    Nye barnehagar vert planlagt organisert som friluftsbarnehage. No vil me trenga meir kapasitet i Sagvåg-Litlabø bydel, samt fordela barnehageplassane jamnare rundt i kommunen. Derfor seier me Friluftsbarnehage i ved Solid-huset.
  7. Kulturskulen
    Alle born skal ha rett på eit fritidstilbod uavhengig av økonomi. Kulturskulen skal styrkast, ikkje tappast for midlar. Me må bygga tilgjengelege miljøvenlege idrettsanlegg der me kan samlast. Og framelska initiativ til spel, friluftsliv, dans og teater. Så enda flerie av borna ønsker å gå på det.
  8. Nysæter Ungdomsskule med 25m basseng mm
    Ungdom i Sagvåg treng eit skulebygg dei kan leva i, med frie lokalar som sosiale møteplassar, som er akkurat ungdomen og bydelen treng og saknar. Samlingslokaler for kultur og idrett, og me veit kommunen treng eit 25m basseng for å ver i nærheita av den kapasiteten me uansett er avhengig av.
  9. Folkehelsa
    Ein rolig kvardag gjer at stadig fleire unge adopterar dårlege livsstilsvaner. Me ønskjer meir folkehelsearbeid mynta på born og unge og deira aktivitetsnivå. Mellom anna meir gang- og sykkelvegar til og frå skule og fritidsaktivitetar.
  10. Mange andre tiltak
    Dette er nokre av våre tiltak til ein betre kommune å veksa opp i. Når me seier at dette er Venstre sin ambisjon for kommunen, så meiner me at det skal bli kommunens ambisjon. Det finnes utallige tiltak, store og små, viktige og spennande, gratis eller kostbare, me kan gjennomføra. Det må vere ein inkluderande prosess på tvers av dei tilsette, skuleleiinga, foreldra og alle involverte partar. Dette handlar om omdømmet til kommunen og å bygga vår felles framtid frå botnen av. Det vil måtte bli eit heilskapeleg prosjekt på tvers av heile kommunen.

Mellom grøn omstilling, eldrebølgje, vanskeleg kommuneøkonomi og andre utfordringar. La dette vere vårt felles prosjekt. Bornas tiår 2020-2030 skal bygga, samla og utvikla oppvekstkommunen Stord. Dette vil Venstre jobba for etter valet på måndag.

 

 

Mvh,
Geir Angeltveit
Ordførarkandidat Stord Venstre