Valresultat og posisjonar

Våre folk i kommunestyre og utval 2019-2023: Hanne Kvernmo Rye, Lavrans Skuterud og Mildrid Nesheim

Da er endeleg resultatet av val og konstituering til Orkland ferdig. Etter eit heller dårleg val fekk vi berre ein kommunestyrerepresentant: Lavrans Skuterud. Men Mildrid Nesheim har blitt nestleiar i Hovedutvalg Oppvekst og Hanne Kvernmo Rye medlem av Hovedutvalg Kultur, idrett og folkehelse. Dermed er det tre i staden for berre ein som har verv! Eit dårleg val betyr trangare økonomi, og vi nyttar derfor høvet til å oppmode fleire av våre veljarar ved kommune- og fylkestingsvalet om å melde seg inn – og også gjerne delta i lokalpolitisk arbeid.