Aldersvennleg kommune

Over middagshøyden

Ei stemme til Midt-Telemark Venstre er ei stemme til lokalpolitikarar som veit at den einaste måten vi kan sikre gode arbeidshøve og aldersvennlege lokalsamfunn er å samarbeide på tvers av både sektorar og fag. Me vil ha eit mangfald av buformer – blant annet omsorgsboligar og bufellesskap – slik at ein kan få ein bolig som er tilpassa etter kor godt ein klarar seg sjølv og sikre at kommunale helsetenester har brukarane og deira perspektiv i sentrum. Spelar vi saman som eit lag, vil vi lykkast med å finne dei smarte løysingane.

Me vil derfor:

  • fremme vidareutvikling av den lokale “Leve hele livet”-strategien
  • at kommunen er svært bevisst på å bruke rett kompetanse til rett oppgåve slik at ein utnyttar dei tilgjengelege personalressursane best mogleg.
  • legge til rette for at sjukeheim og omsorgsboligar har eit tilpassa tilbod som reflekterer enkeltmenneskes interesser og ønske.
  • sikre at kommunale helsetenester har brukarane og deira perspektiv i sentrum
  • prioritere forebygging i alle ledd innanfor helse

forrige side neste side