Valprogram: Kultur, idrett og frivilligheit

Stad kommune skal vere ein stad med allsidige, spennande kulturtilbod og fritidsaktivitetar for alle. Stad Venstre vil jobbe for å styrke dei frivillige organisasjonane og få endå fleire aktive innanfor kultur- og organisasjonslivet. Idrett og friluftsliv er viktig for samhald, inkludering, meistring og folkehelse. Vi må også løfte arbeidet med ivaretaking og formidling av kulturminne.

Stad Venstre vil:

  • Ha fritidskort som gjev alle born og ungdomar tilbod om minst éin fritidsaktivitet
  • Satse vidare på utlånssentralen for fritidsaktivitetar, BUA. Få på plass ei ordning der også næringslivet kan sponse innkjøp av utstyr til utlån
  • Samarbeide med lokale krefter og næringsliv om å få til fleirbrukshallar i heile kommunen, for gi born og unge betre anlegg i kvardagen til idretts – og
  • kulturaktivitetar
  • Redusere halleiga for idretten, og prisane i kulturskulen
  • Ha fritidskort som gjev alle born og ungdomar tilbod om minst éin fritidsaktivitet
  • Satse vidare på utlånssentralen for fritidsaktivitetar, BUA. Få på plass ei ordning der også næringslivet kan sponse innkjøp av utstyr til utlån
  • Samarbeide med lokale krefter og næringsliv om å få til fleirbrukshallar i heile kommunen, for gi born og unge betre anlegg i kvardagen til idretts – og kulturaktivitetar
  • Redusere halleiga for idretten, og prisane i kulturskulen
  • At Stad kommune skal vere med å legge til rette for leik og uorganisert aktivitet, gjennom utbygging av nærmiljøanlegg som aktivitetsparker, ballbingar, klatrestativ og hinderløyper, i samarbeid med bygdelag og idrettslag
  • Få fleire aktive ute i friluft gjennom turstiar, naturmøteplassar og friluftsanlegg
  • Jobbe for å gjere kulturarven vår betre kjend.
  • Legge til rette for at frivillig sektor får ressursar og støtte i arbeidet med inkludering og førebygging av utanforskap
  • Styrke Frivilligsentralane på Nordfjordeid og i Selje for å kunne støtte opp om dei frivillige organisasjonane og betre samspelet mellom frivillig, privat og offentleg sektor
  • Starte ei prøveordning med søndagsope bibliotek
  • Styrke kulturskuletilbodet og tilbodet innan dans, musikk og visuell kunst
  • Jobbe for auka næringsutvikling knytt til kunst og kultur
  • Styrke lokalsamfunna og attraktiviteten til Stad kommune gjennom nært samarbeid med Malakoff og andre lokale festivalar og kulturopplevingar
  • Sørge for at frivillige lag og organisasjonar – særleg retta mot born og unge, vert ivareteke
  • Støtte opp om den viktige frivillige innsatsen ved Harpefossen skisenter
  • Avklare lokaliseringa for fotballhall på Nordfjordeid slik at Eid IL kan realisere sine planar
  • Jobbe for at Norsk Fjordhestsenter får gode vilkår for til utvikle seg for framtida

Klima, natur og miljø

Nyskaping og grøn vekst

Skule og oppvekst

Helse og omsorg

Meir samarbeid alle vegar

< Tilbake