Valprogram: Helse og omsorg

Venstre vil sørge for at Stad kommune klarer å gi god omsorg til dei som treng det – når dei treng det. Vi skal gje rett hjelp til rett tid, og styrke folkehelse og meistring. Det skal vere godt å jobbe innen helse- og omsorgstenesta i kommunen.

Stad Venstre vil:

  • Styrke satsinga på heimebasert omsorg og omsorgsbustader.
  • Sikre eit tilstrekkeleg tal langtidsplassar/sjukeheimsplassar
  • Nytte velferdsteknologi, innovasjon og nye løysningar for å legge til rette for at fleire kan bu heime lenger, meistre eigen kvardag, og ha større handlefridom
  • Stimulere til at fleire eldre kan ta ansvar for eigen busituasjon, og legge til rette for boligar med meir fellesskap
  • Samordne og utvikle betre tenester innanfor rus og psykiatri
  • Legge til rette for areal til utbygging av tilpassa bustadar
  • Oppretthalde eksisterande dagsentertilbod for eldre
  • Legge til rette for fleire heiltidsstillingar og ein heiltidskultur i Stad kommune
  • Redusere bruken av vikarbyrå i helse- og omsorgssektoren
  • Ha fokus på helseførebyggjande arbeid retta mot alle aldrar
  • Sikre ein ungdomskontakt og eit godt lågterskeltilbod for ungdom med psykiske plager
  • Styrke folkehelsearbeidet – tettare samarbeid med idrettslag, bygdelag og frivillige organisasjonar
  • Satse på frisklivsentralar og frivilligsentralar med rådgjeving og lågterskel helsestilbod som fysioterapi demenskoordinator, kreftkoordinator kommunepsykolog
  • Samhandle med politiet og styrke kriminalitetsførebyggande arbeid
  • Sikre- og styrke fastlegeordninga
  • Styrke Nordfjord sjukehus, Nordfjord Psykatrisenter og Nordfjord BUP
  • Styrke satsinga på kvinnehelse mellom anna ved å jobbe for eit trygt og godt fødetilbod i kommunen, inkludert barseltilbud
  • Styrke følgjetenesta med jordmor til fødande med lang reisevei
  • Satse på jordmor som ein forebyggende ressurs innan psykisk og fysisk helse
  • Jobbe for rekruttering av jordmødre, som samfunnskritisk nøkkelpersonell
  • Ta godt imot flyktingar, og gje flyktningtenesta gode føresetnader til å gjere ein viktig jobb på vegne av fellesskapet
  • Etablere betre landingsplass for ambulansehelikopter på Nordfjordeid

Klima,natur og miljø

Nyskaping og grøn vekst

Skule og oppvekst

Kultur, idrett og frivilligheit

Meir samarbeid alle vegar

< Tilbake