Valprogram: Skule og oppvekst

Stad skal vere ein kommune der det er godt å vekse opp for born og unge. Venstre vil halde fram og styrke satsinga på kvalitet i skulen, og løfte ungdommen sterkare fram. Vi jobbar for ein skule med motiverte lærarar og elevar. Det skal være enkelt for ungdom å delta i aktivitetar og ha kontakt på tvers av bygdene.

Stad Venstre vil:

  • Prioritere kvalitet i skulen, mellom anna ved å la lærarane få bruke meir av si arbeidstid til undervisning. Andre arbeidsoppgåver bør utførast av andre yrkesgrupper
  • Legge til rette for etter- og vidareutdanning av fleire lærarar
  • Evaluere dagens skulestruktur og ha ein brei debatt om løysingar for framtida
  • Sikre naudsynt vedlikehald av skulebygg, barnehagar og andre kommunale bygg
  • Bygge symjebasseng i Selje
  • Ha auka samarbeid mellom skule og næringsliv, mellom anna ved å satse på entreprenørskap gjennom heile skuleløpet
  • Legge vekt på at elevane har eit godt skulebibliotek, eller at skulen har nært samarbeid med det lokale biblioteket, for å auke borna si leselyst og auke forståinga for andre informasjonakjelder enn dei digitale platformene
  • Støtte opp om skulehagar som lærings- og inkluderingarena, for å styrke oppveksttilbodet til barn og unge etter modell frå Grøn integrering
  • Satse på tidleg innsats, både i barnehage og skule, for born som treng ekstra støtte, og sikre nok spesialpedagogiske ressursar
  • Legge til rette for auka pedagogisk bruk av naturen og uteområde i barnehage og skule
  • Sikre eit breitt barnehagetilbod med rett bemanning
  • Ha gode offentlege skular og barnehagar som basis i tenestetilbodet til born og unge. Samtidig er vi positive til supplerende tilbod, både i privat og ideell regi, i samspel med dei offentlege tilboda
  • Sikre gode oppvekstvilkår til barn, også i familiar med låg inntekt, til dømes ved gratis kollektivtransport, fritidskort, støttekontaktordning og leksehjelp
  • Vere ein god vertskommune for skular, studentar og hybelbuarar
  • Legge til rette for gode møteplassar for ungdom, og oppretthalde UKM (Ung Kultur Møtast)
  • Styrke ordninga med helsestasjon for ungdom
  • Opprette fleire kommunale lærlingeplassar
  • Legge til rette for fleire sommarjobbar for ungdom gjennom samarbeid næringsliv/kommune
  • Støtte røysterett for 16-åringar og gje Ungdomsrådet auka medverknad, og talerett i kommunestyret
  • Krevje betre kollektivtilbud i heile Stad kommune, mellom anna for å legge til rette for at ungdom som bur på hybel kan delta på fritidsaktiviteter på eigen heimstad
  • Sikre trygge gang- og sykkelvegar til alle skulane i Stad kommune, til dømes gang- og sykkelveg på Stårheim, manglande sykkelveg mellom Skårhaug og Haugen, og vidare utbygging av sykkelvegar i Selje, Flatraket og Leikanger
  • Innføre ein plan for LHBTI-personar på lik line med dei større byane, slik at også skeive ungdommar og andre kan kjenne seg heime og trygge i distriktet
  • Halde på og vidareutvikle ordninga «Heim for ein 50-lapp»

Klima, natur og miljø

Nyskaping og grøn vekst

Helse og omsorg

Kultur, idrett og frivilligheit

Meir samarbeid alle vegar

< Tilbake