Arrangerte årsmøte

Den 16.01.12 avholdt Stord Venstre årsmøtet sitt for 2012. Med eit oppmøte på 13 personar visar det at engasjementet rundt lokallaget og Venstre på Stord framleis er stort. Her er årsmøtereferatet og årsmeldinga.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**

Årsmøtet 2012

Foto: Geir Angeltveit


– Referat årsmøtet Stord Venstre 2012.pdf


– Referat årsmøtet Stord Venstre 2012.doc


– Stord Venstres Årsmelding 2011.pdf


– Stord Venstres Årsmelding 2011.doc

Årsmøte i Stord Venstre — 16.01.12
Oppmøtte: Else Berit Helle, Peggy Bærøy, Jorunn Fylkesnes, Harald Nes, Håkon Frode Særsten, Kåre Løkhammer, Geir Angeltveit, Odd Stuve Rommetveit, Sigmund Lorentsen, Magne Andresen, Ove Steinsland, Bjørn Solvoll og Astrid Larsen.

ÅM 1/10 — Opning og formalia

Møtet vert opna av leiar Håkon Frode Særsten Kl. 19.00

ÅM 2/10 — Val av ordstyrar og referent.
Harald Nes vald til ordstyrar, Geir Angeltveit utnemnd som referent.

ÅM 3/10 — Årsmelding.
Else Berit Helle orienterar.
Diskusjon rundt årsmeldinga. Tilføying;
Geir er vara i Eldrerådet.
Peggy er medlem av kontrollutvalet. Redaksjonelle endringsforslag, mtp namngjeving av Ådland Studentheim. Tilføyer punkt kva angår valkamp.

ÅM 4/10 — Reknskap og Budsjett
Kåre Løkhammer orienterar om reknskapet.
Me har ein konto i Sparebanken 1, som me lukkar. Mtp at me har Fokus Bank konto som er i bruk.
Kåre tek kontakt med Terje Breivik for å oppretta ein uavhengig konto for oppbevaring av aktiva.

16 134,56 på konto

ÅM 5/10 — Val
Gå her for samantsetting av det nye styret.

ÅM 6/10 — Delegatar til Fylkesårsmøte
Geir Angeltveit
Bjørn Solsvoll
Jorunn Fylkesnes
Ingjerd Helle Lorentsen

Vara:
Peggy Husevik Bærøy
Odd Stuve Rommetveit
Runar Mæland

ÅM 7/10 — Medlemskontigent

Følgjar fylket.

ÅM 8/10 — Generell Politisk Debatt
Regjeringssamarbeid — Brei borgarleg regjering. Me diskuterar regjeringssamarbeide. God debatt. Skal Venstre opna for samarbeide på nasjonalt plan med FRP, eller ikkje. Meir eller mindre alle tar ordet i diskusjonen.

Val til styret i Hordaland Venstre. Me diskuterar temaet rundt kven «me vil støtta» i styret. Mtp dei ulike alternativa som har presentert seg. Me diskuterar dette når innstillinga vert lansert, på første gruppemøte etter årsmøtet.

Leiar snakkar rundt temaet «Venstre i kommunen».
Grøn kommune, vedlikehald av bygg, framtidig visjon om offentleg/privat samarbeide (OPS). Kva er det Venstre bør gjera på Stord framover.

Årsmøtet har vedtatt at det skal haldast eit strategimøte for Stord Venstre.


ÅM 9/10 – Fråsegner

Samrøystes vedtar fråsegna «Ein trygg E39.»

ÅM 10/10 — Eventuelt
Diskuterar litt rundt nettstaden vår. Korleis me ynskjar å ha den.

Møtet vert heva kl. 21:15

Stord Venstre

Foto: Venstre

Stord Venstre – Styret si årsmelding 2011
Desse vart valde i styret for 2011
Leiar: Håkon Frode Særsten
Nestleiar: Jorunn Fylkesnes
Kasserer: Kåre Løkhammer
Sekretær: Else-Berit Helle
Medlem: Geir Angeltveit
Medlem: Astrid Larsen
Medlem: Harald Nes

Varamedlemmer: Guro Betten og Odd Stuve Rometveit

Revisor: Sigmund Lorentsen og Lilly Skår
Valnemd/Nominasjonsnemnd: Else Berit Helle, Kåre Løkhammer, Harald Nes og Astrid Larsen

Utsendingar til Fylkesårsmøte:
Geir Angeltveit og Runar B.Mæland
Styret fekk fullmakt til å fungera som valkampnemnd og programkomite.
Det vart løyvd kr.1.000,- til Sunnhordland Unge Venstre.

Fram til kommunevalet har desse representert Venstre i kommunestyregruppa.
Kåre Løkhammer har vore gruppeleiar for kommunestyregruppa. Han har vore leiar i Komite for Rehabilitering, helse og omsorg og er medlem av Formannskapet.

Astrid Larsen har vore medlem av Kommunestyret, Næring, miljø og kultur komiteen, Valnemda, Valstyret og Utsmykkingsfondet. Ho har vore vara til Formannskapet og representantskapet i SIM, styreleiar i Friluftsrådet Vest, og nestleiar i styret til Friluftsrådenes Landsforbund.

Peggy Bærøy har vore medlem i Kommunestyret og Forvaltningsstyret, samt medlem i styret i Samfunnshuset.

Håkon Frode Særsten var vara til Kommunestyret og nestleiar til Komite for Oppvekst. Han var og medlem i styret i Hordaland Venstre.

Odd Stuve Rommetveit var vara til komite for Oppvekst.og Kommunestyret.

Jorunn Fylkesnes var vara til kommunestyret, medlem i komite for
Rrehabilitering, helse og omsorg og styreleiar i Bachertunet.samt eldrerådet.

Det har vore halde gruppemøte før dei fleste komiterundane. I samband med gruppemøta har det vore halde styremøte. Det har og vore halde felles gruppemøter i koalisjonen med høgre Kristeleg Folkeparti, Demokratane og Senterpartiet i samband med budsjettet og andre prinsipielt viktige avgjerder.

I samband med kommunevalet fekk Stord Venstre inn to representantar i kommunestyret.
Det var Håkon Frode Særsten og Geir Angeltveit. Me fekk 5,4% av stemmene. Venstrefolk var aktive i valkampen med lesarinnlegg, i debattar, stand og flygblad. Me var og med på felles valkampavis saman med dei andre parita som stilte til val.

Vararepresentantar vart: Odd Stuve Rommetveit, Jorunn Fylkesnes, Runar B.Mæland, Peggy Bærøy og Ingjerd Helle Lorentsen.

Håkon Frode Særsten fekk fast plass i Formannskap og nestleiar i komite for Næring og utvikling,med Jorunn Fylkesnes som varamedlem. Geir Angeltveit fekk fast plass i komite for Oppvekst og utdanning med Runar B.Mæland som vara.. Jorunn Fylkesnes, fast plass i komite for Rehabilitering, helse.og omsorg

Håkon Frode Særsten vart og vara til Driftsstyret.

Peggy H:Bærøy vart medlem i Forvaltningsstyret og Odd Stuve Rommetveit vart varmedlem til Forvaltningsstyre, Peggy H.Bærøy vart medlem og Ingjerd Helle Lorentsen siste vara til kontrollutvalet.

Jorunn Fylkesnes vart medlem i valstyret. Geir Angeltveit varamedlem til eldrerådet.

Drifta i Stord kommune har i 2011 vore svært vanskeleg, økonomisk. Det meste av det politikse arbeidet har gått ut på å få balanse i budsjettet. Dette avdi ein starta 2011 med stort underskot i rekneskapen, samt underskot frå tidlegare år, særleg 2008. Kommunen kom og på den berømte ROBEK lista, d.v.s. ein vart sett under administrasjon av Fylkesmannen.

Alle nedskjeringane førte til reduserte tenester for innbyggjarane og terskelen for å motta tenester vart gjort høgare. Kommunen hadde fleire tilsyn frå Fylkesmannen og fekk avvik og merknader i samband med desse, som må rettast opp.

Hausten 2011 var og vanskeleg i samband med å få i mål eit budsjett i balanse. Det budsjettet som vart vedteke reduserte ytterlegare nivået på tenester til innbyggjarane. Særleg saka om å starta ein prosess med å leggja ned Litlabø skule skapte stor debatt både i Venstre og blant innbyggjarane i lokalpressa og på sosiale media.

Det vart og vedteke med tilslutnad frå Venstre å innføra eigedomsskatt på verk og bruk frå hausten 2012 og det vart vedteke å nytta 50 mill. av kraftsalfondet til investering.

Oppstart vegutbetring Jensanesvegen og kloakksanering i området kom i gong hausten 2011. Dette har vore ei sak som Venstre har kjempa for i mange år både i kommunestyret og fylkestinget.

Kommunen kjøpte og Ådland Studenthei, noko Venstre jobba hardt for å få til. Her vil administrasjonen i hemebaserte tenester verta samla. Ein vil og få omsorgbustader og kunna gi heildøgnsomsorg for dei som vil ha behov for det.

Venstre har og ei aktiv heimeside som vert jevnleg oppdatert av Geir Angeltveit.

Sagvåg 13.01.12

Else-Berit Helle
sekretær

Kristtorn

Foto: Flicr

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**