Vellukka årsmøte i Kristiansund for Møre og Romsdal Venstre

Ragnhild Helseth presenterer valnemnda si innstilling , Kristian Stråmyr

Regjering, forhandlingar og valresultat var sjølvsagt noko av det som var på agendaen, det same var vegen vidare.

Heile ni resolusjonar var meldt inn der fem av dei vann fram og vart vedtatt.

Innhaldet i resolusjonane favna breitt og omhandla viltforvalting – vi er skeptiske til flyttinga av viltforvaltinga. Atlanterhavsparken som nasjonalt marint formidlingssenter. Flyktningar – vi må ta ei større ansvar for mennesker på flukt. Miljø – vi seier eit klart nei til deponi ved Raudsand gruver, og vi vil ha eit større statleg ansvar for det grøne skiftet av fergetransporten.

Nytt styre vart valgt og ny fylkesleiar:

F.v. Rita Rognskog (kasserar), Tove Norum Rokstad (2. nestleiar), Britt Giske Andersen (fylkesleiar), Toivo Brennløkken (1. nestleiar) og Kristian Stråmyr (styremedlem).

Det nye styret er Britt Giske Andersen – fylkesleiar, Toivo Brennløkken 1. nestleiar, Tove Norum Rokstad 2. nestleiar. Rita Rognskog, kasserar og Kristian Stråmyr styremedlem.

Møtet var prega av at vi er inne i ei ny tid i Venstre og at vi ser framover, både mot 2019 og 2021. Vi vil vere på lag med framtida og vi er klar for å gjere ein jobb for at Venstre skal vere eit reelt val i heile fylket til lokal og fylkesvalet i 2019.

“Vi vil stå for ein grøn, raus og sosialliberal politikk – ein politikk som treff der du bur. Vi skal bygge lag, vi skal jobbe hardt og vi skal gjere det i lag. Vi har fått på plass eit styre som er klar til å bidra. Vi har alle ei grunnleggande tru på at folkestyret er deg og meg og at det nyttar å engasjere seg. Dette skal bli bra”, avsluttar Britt, vår nye fylkesleiar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**