Annika Brandal valt som ny fylkesleiar

Delegat på Møre og Romsdal Venstre sitt fylkesårsmøte 2. mars 2024, i Ørsta. , Foto: Møre og Romsdal Venstre

Denne helga har Møre og Romsdal Venstre gjennomført sitt fylkesårsmøte, med 55 delegat og gjestar frå heile fylket.

Møre og Romsdal Venstre var stifta i januar 1884, og såleis er laget 140 år i år. Årsmøtehelga var lagt til Hotel Ivar Aasen i Ørsta, noko som la ein fin ramme rundt markeringa av jublieet.

Besøk av stortingsrepresentant Alfred Bjørlo
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo, Venstre sin medlem i Næringskomiteen, stod for innleiing til generell politisk debatt på laurdagen. Her blei det gode diskusjonar om politiske saker innan dei fleste fagfelt.

Appell om situasjonen på Gaza
Det er umogleg å ikkje verte prega av det som no skjer på Gaza, samtidig som det er lite vi kan gjere i trygge Noreg. Fylkesårsmøtet vedtok ein appell, om å stoppe brota på folkeretten mot folket i Gaza.

Politiske uttalar frå fylkesårsmøtet
Fylkesårsmøtet vedtok fire politiske uttalar i løpet av helga.

Val av nytt fylkesstyre og nominasjonsnemnd
På søndag var det val av nytt fylkesstyre. Her blei valnemnda si innstilling einstemmig vedtatt, med Annika Brandal frå Hareid som ny fylkesleiar. Ho overtek stafettpinnen etter Ragnhild Helseth, som har vore fylkesleiar i to bolkar, og den siste no i fem år. Asgeir Bahre Hansen frå Kristiansund er ny nestleiar. Jon J. Grimstad held fram som styremedlem, og Hans Endre Sæterøy frå Ålesund, Monica Rishaug frå Aukra og Hugo Tingvoll frå Molde kjem inn som nye styemedlemmar. Steinar Husby frå Sunndal er 1. vara til styret og fast møtande. Sideorganisasjonane til Venstre (Venstrekvinnelaget og Unge Venstre) samt Fylkestingsgruppa er også representert i styret.

2024 er mellomval år, og vi skal mellom anna førebu nominasjon til stortingsvalliste for 2025. I den forbindelse vart det også satt ned nominasjonsnemnd på fylkesårsmøtet. Den blir leiar av avtroppande fylkesleiar Ragnhild Helseth.

Besøk frå Venstres Hovedorganisasjon og skulering på timeplanen
Det var også besøk av Ole Bruseth, senior kommunikasjonsrådgiver frå VHO, som saman med fylkesstyret hadde fokus på skulering i å drifte lokallag, med gode råd, tips og funksjonar vi har til å hjelpe oss med.