Valprogram: Nyskaping og grøn vekst

Kommunar som vil lukkast med vekst og utvikling må vere samhandlande, ambisiøse og gode tilretteleggjarar. Venstre vil at Stad kommune skal vere heilt i landstoppen innanfor grøn næringsutvikling og stadutvikling. Innanfor rammene av klima, miljø og natur vil Stad Venstre legge til rette for vekst i næringslivet i Stad kommune. Vi satsar på næringsutvikling, gründerar, og meir samarbeid mellom kommune, skule og næringsliv.

Stad Venstre vil:

  • Prioritere arbeidet med å ha ein oppdatert arealdel til kommuneplanen for å sikre areal for bustad, næring, fritid, tenesteyting og transport. Setje rekruttering av folk og sikre tilgang til rett kompetanse høgt på dagsorden i Stad kommune – i nært samarbeid med næringslivet gjennom Stad Vekst og andre aktuelle aktørar
  • Vere imøtekommande og legge tilrette for private aktørar som vil utvikle eigedomar til faste bustader
  • Søke løysingar som får tomme småbruk og hus ut på marknaden
  • Klargjere fleire nye næringsareal og næringsbygg for bedriftsetableringar på sjø og land
  • Gjere det enklare å starte og driva eiga bedrift, legge til rette for fjernarbeidsplassar og gründerverksemd
  • Ha forsvarleg og rask sakshandsaming i saker som er viktige for innbyggjarane, gründerar og næringsliv
  • Seie nei til auke i eigedomsskatten for private bustader, og ha som mål å redusere den når kommuneøkonomien tillet det
  • At kommunen skal vere ein ambisiøs ja-kommune som er pådrivar for å tenke nytt og framtidsretta. Stad kommune skal vere ein aktiv medspelar med dei som ønsker utvikling, og i møte med innbyggjarar, verksemder og organisasjonar
  • Arbeide for etablering av minst 100 nye statlege arbeidsplassar i Stad kommune innan 2027, mellom anna ved gjennomføring av arbeidet med Statens Hus på Nordfjordeid.
  • Gjere Stad til føregangskommune på energi, klima og grønt næringsliv
  • Samarbeide med landbruksnæringa om å utvikle landbruket som grøn vekstnæring
  • Samarbeide med fiskeri- og havbruksnæringa for å bygge ei sterk samla marin næringsklynge i Nordfjord, og utvikle næringane vidare i grøn retning
  • Legge til rette for vekst i reiselivet ved å fronte natur- og kulturopplevingar, og stø opp om nye satsingar
  • Ha ei velfungerande «reiselivsklynge» i Stad kommune med utgangspunkt i strategisk plan for berekraftig reiselivsutvikling, med hovedvekt på kvalitet framfor kvantitet
  • Tilpasse skjenke-og salgstider på alkohol til nabokommunene, så restauranter og serveringsstader i kommunen får konkurrere på like vilkår
  • Gje butikkar på stader med mykje turisttrafikk løyve til å halde ope på heilagdagar
  • Gjere Pilegrimssenteret i Selje og Sagastad på Nordfjordeid til eit samanhengande reisemål, der ein kan syne fram andre kulturhistoriske stadar mellom desse to
  • Behalde heilagøya Selja mest mogleg urøyrd
  • Undersøke moglegheit for å krevje bompengar på turisttrafikk opp til Vestkapp
  • Stø opp om satsinga på Fjordane Virtuelle Campus
  • Arbeide for fleire desentraliserte fagskule- og høgskuletilbod i Stad kommune

Klima, natur og miljø

Skule og oppvekst

Helse og omsorg

Kultur, idrett og frivilligheit

Meir samarbeid alle vegar

< Tilbake