Angeltveit ut mot hets av homofile – Nokre ting kan ikkje stå uimotsagt

Angeltveit forsvarar homofiles rettigheiter i møte med harde ord frå Odd Martin Myhre i avisa og på nett.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


– Heile innlegget til Odd Martin Myhre og heile innlegget til Geir Angeltveit kan lesast her. Under er ei forkorta utgåve som var på trykk i Sunnhordland måndag 2. September.

Nokre ting kan ikkje stå uimotsagt

Hender, leie

Foto: Microsoft

Det som motiverte meg meist til å svara på hetsen din mot homofile, Odd Martin Myhre, er di samanlikning av homofili med pedofili, nekrofili, kleptomani, pyromani osb. Eg vert direkte provosert, og mange med meg.

La meg ta det punktvis,
Odd Martin Myhre påstår at det ikkje finnes eit einaste menneske fødd utan som eit resultat av samkvem melom ei kvinne og ein mann. Då kjenner han vel neppe til prøverøyrsborn, sæddonasjon, eggdonasjon, surrogati, eller hans kanskje favoritteksempel; jomfrufødselen.

Odd Martin påstår også at homofile aldri kan verta ein barnefamilie, utan ved hjelp av kunstige og naturstridige tiltak og at det difor aldri vil verta naturleg at born har ein familie med to foreldre av same kjønn.

Det er mange som ikkje kan få born naturleg i dagens samfunn og må nytta prøverøyr, sæddonasjonar, adopsjon osb.Homofile kan ha born frå tidlegare forhold og dei kan adoptera, og det kan ein neppe kalla anna enn prisverdig, og aldri “kunstig” eller “naturstridig.” Er du verkeleg så snever at du ikkje forstår den enorme vesensforskjellen det er mellom homofili og pedofili, Odd Martin Myhre?

La meg forklara dette for deg ekstremt enkelt. I eit homofilt forhold så har du med tovaksne personar som samtykkjer seg imellom om å vera i eit parforhald. Det tyder at begge er med på det. Nett som i eit heterofilt forhold. Mannen og dama er saman då dei likar kvarandre. Same prinsipp gjeld i eit homofilt forhold.

Pedofili er når ein eldre person forgrip seg på eit born, der bornet vert utsatt for noko bornet ikkje ynskjer, eller det ein ofte kallar valdtekt. Ser du skilnaden? Pedofili er ein mental sjukdom som ein utviklar, medan homofili er biologisk tinga.

Nekrofili, kleptomani og pyromani er heilt andre psykologiske sjukdomar.

Men Odd Martin Myhre spør noko som faktisk gir litt meining. Kvar skal grensa gå for å leva ut sine lyster og legningar. Den kan gå så langt som at det ikkje skadar andre enn deg sjølv og at det ikkje går utover nokon som sjølv ikkje ynskjer det. Homofili skadar ingen. Homofile, lesbiske og transseksuelle personar har vore utsatt for hets og vald lenger enn ein nok veit om, vert framleis hetsa og er på flukt i store delar av verda.

Venstre støttar at dei får lov å gifta seg og at dei skal ha lik rett til adopsjon og samliv om dei ynskjer det. Det finnes ingen indikasjon på at homofile foreldre er dårlegare foreldre enn andre foreldre. Det finnes meir enn nok familielause born i verda.

Det viktigaste er uansett dette; folk må få leva sine eigne liv såfremt det ikkje skadar andre eller innskrenkar andres fridom.

Les meir om Venstres syn på:
klima og miljø
Skule og utdanning.
Verdiskaping og næringspolitikk.
Stopp sniksentraliseringen av lokalsjukehusa!
Oversikt over saker frå Stord Venstre denne valkampen.
Stortingsprogrammet til Venstre 2013-2017.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**