Stopp sniksentraliseringa av sjukehusa!

Venstre er sterkt bekymra over korleis dei raudgrøne byggjer ned lokalsjukehusa over heile landet. Det føregår ein sniksentralisering av norske sjukehus utan at Stortinget har vedtatt ei slik sentralisering.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

 Stortingskandidat Terje Breivik

Stortingskandidat Terje Breivik
Foto: Bård Ek

Det finnas inga heilskapleg plan for korleis sjukehus-Noreg skal sjå ut, kor mange sjukehus me skal ha og kva dei skal innehalda. Lokalsjukehus er eit sentralt ledd i helsesektoren og utgjer ein grunnleggjande kvalitet i lokalsamfunna våre. Lokalsjukehusa er også svært viktig for å sikra akuttberedskap i heile landet. Venstre krev at den pågåande prosessen med å tømma lokalsjukehusa for innhald må stoggast med ein gong. Den viktigaste tryggleiken mot privatisering og klasseskilje i helsesektoren er å oppretthalda kvaliteten på det offentlege helsetilbodet, ikkje minst i folks nærmiljø.

Det kan sjølvsagt vera riktig ut frå ei heilskapleg vurdering å gjera endringar i sjukehusstrukturen eller oppgåvefordeling mellom sjukehusa, men me må sørgja for at det er på eit godt utreda grunnlag. Det me ser i dag er at nedlegging vert styrt ut frå kven som gir lågast kostnad for helseføretaka isolert sett, ikkje for Helse-Noreg eller samfunnet som heilskap. Dei raudgrøne grunngjev nedleggingane med behov for å auka kvaliteten på behandlinga. Men det handlar nok vel så mykje om APs trong til sentralisering og om ei misforstått oppfatning av at store einingar gir økonomisk innsparing. Noko som har vist seg å vera feil, sjå berre på Ahus i Oslo.

Eksempla på korleis spisskompetansen på godt fungerande lokalsjukehus vert bygd ned i det skjulte, finnes mange. I Nordfjord blei dagkirurgien fjerna nesten over natta, i Bærum og på Kongsberg føregår det liknande prosessar når det gjeld akuttberedskap, fødetilbod og ortopedi, og utfordringane ved Valen og Stord Sjukehus er kjend for dei fleste i Sunnhordland. Tusenvis av sjukehussenger er kutta dei seinare åra, i effektivitetens namn. Utan at dette blei avgjort politisk. Noreg og Tyrkia er dei to landa i OECD som no har færrast sjukehussenger ledige. Norske pasientar har kortast gjennomsnittleg liggjetid av alle OECD-land. Det skuldast ikkje at me har så effektive behandlingar, men at me er pålagt å skriva ut pasientane så fort som over hovudet mogeleg. Så mange som tjue prosent må leggjast inn igjen akutt.

 Venstreleiar Trine Skei Grande fekk overrekt ein underskriftskampanje frå Geir Angeltveit og tok med spørsmål til Helseminister Jonas Gahr Støre. Trykk på her for å sjå spørsmål og svar. f.v. Geir Angeltveit, Trine Skei Grande, Terje Breivik og Anne-Marit Buer.

Venstreleiar Trine Skei Grande fekk overrekt ein underskriftskampanje frå Geir Angeltveit og tok med spørsmål til Helseminister Jonas Gahr Støre. Trykk på her for å sjå spørsmål og svar. f.v. Geir Angeltveit, Trine Skei Grande, Terje Breivik og Anne-Marit Buer.
Foto: Jo Straube

Venstre røysta mot sjukehusreforma som innførte helseføretaka, då me frykta at for stor avstand mellom ei sentral leiing og den enkelte sjukehusavdeling vil føra til uryddige forhold og mangel på nærleik og god kontakt. Samhandlingsreforma nyttast også av regjeringa som eit argument for å ribba lokalsjukehus for viktige funksjonar i staden for å ta debatten om kva eit lokalsjukehus skal vera og kor det bør liggja. Venstre krev no at vidare nedbygging eller nedlegging av lokalsjukehus vert stansa, inntil det er føretatt ein uavhengig gjennomgang av konsekvensane ved dei strukturendringane helseføretaka har foreslått.

Venstre meiner det er på tide å ta tilbake politisk styring over helsesektoren. Difor ynskjer Venstre at Stortinget skal vedta ein nasjonal helseplan som definerar sjukehusstrukturen, behandlingstilbodet og dei overordna prioriteringane i helsevesenet. Me må definera lokalsjukehusas framtidige rolla og innhald. Dette vil føra til klårheit, føreseieleg og god akuttberedskap over heile landet. Me kan leggja til rette for at lokalsjukehusa avlastar universitetssjukehus ved at enkeltspesialiserte oppgåver vert lagt ut til ulike lokalsjukehus, slik til dømes Helse Bergen lokaliserte fedmeoperasjonar til Voss Sjukehus.

Vidare vil Venstre flytta meir makt og fleire avgjersler frå Helseføretaka ned til det enkelte sjukehus, og me vil auka andelen av rammefinansiering til helseføretaka, for å gi føretaka eit meir heilskapleg ansvar.

Den 9. September er det val, Stord Venstre, Hordaland Venstre og Venstre nasjonalt står samla om at ein igjen må ta ansvar for utviklinga i helsesektoren. Då trengs Venstre.

Med liberal helsing,

Terje Breivik
1. Kandidat til Stortinget, Hordaland Venstre.

Geir Angeltveit
Stord Venstre

Les meir om Venstres syn på:
Korfor Venstre og «Folk Først» ved dette valet?
klima og miljø
Skule og utdanning.
Verdiskaping og næringspolitikk.
Oversikt over saker frå Stord Venstre denne valkampen.
Stortingsprogrammet til Venstre 2013-2017.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**