På lag med framtida og på lag med Møre og Romsdal – Britt Giske Andersen

Foto: Sponland

Bli kjend med Britt Giske Andersen, 2. kandidat for Møre og Romsdal Venstre.

Britt, som til vanleg er varaordførar i Giske er ikkje heilt ukjend for fylkespolitikken. I perioden 2011 – 2015 var ho første vara til fylkestinget og Regional og Næring i tillegg til fast medlem av Miljøutvalet.

Heilt ukjend i politikken elles er ho heller ikkje då ho no avsluttar sin fjerde periode i Giske kommunestyre og var vara for Pål Farstad i hans periode på Stortinget. Fylkesleiar og direktevalt landsstyremedlem i Venstre har også vore nyttige erfaringar å ta med.

Til dagleg arbeider Britt som marknadssjef og produktutviklar hos Atlanterhavsparken i Ålesund og trives bokstaveleg talt, som fisken i vatnet.

– Det er ikke til å legge skjul på at å vekse opp i ei fiskerikommune som Giske, med historiske røter langt tilbake i vikingetida gjer noko med deg. Fisk er spanande, det same er historia vår. Begge deler viktige for identiteten vår. Og identitet er viktig Eg hadde gleda av å få vere avdelingsleiar for turistinformasjonen i Ålesund i nesten åtte år. Det var ei god innføring i alt det fylket vårt har å by på og som gjer oss attraktive som besøksmål, men og som fylket å busette seg i. Vi bur midt i smørauget både når det gjeld natur, kultur, næring og verdiskaping. Vi har ei stor arv å føre vidare inn i framtida, eg ynskjer å bidra med mitt og er klar til innsats om du vil. Men då må du stemme på meg – og Venstre!

Kandidatpresentasjonar:

  1. Pål Farstad
  2. Britt Giske Andersen
  3. Frode Heimen
  4. Lena Landsverk Sande
  5. Håvard Urkedal
  6. Rita Rognskog

Fylkesvallista 2019-2023