Til innhold
Bilete av Tysvær Venstre foran Tysværtunet
Tysvær Venstre framfor Tysværtunet, Foto: Torunn Gjerde

Sjå framover med Tysvær Venstre

Tysvær Venstre

Tysvær Venstre er kommunens liberale parti. Me arbeider for ein framtidsretta politikk som set menenske i sentrum. Me vil ha ein politikk som på alle område skal gje meir til dei som treng det mest. Kampen for eit god bygde- og bymiljø er viktig for oss.

I kommunestyret i Tysvær har me ein representant, Pauline Vik Vestly. Ta gjerne kontakt om du har innspel omkring saker som du er opptatt av. Gruppemøta våre er opne for alle.

Vil du vera med på laget for eit grønare og betre Tysvær? Bli medlem i Venstre.

Viktige sakar for Tysvær Venstre

  • Kutta utslepp og ta vare på naturen

    Naturen i Tysvær er flott, men sårbar. Venstre vil at kommunen skal vera arealnøytral innan 2030 og ha solcellepanel på alle kommunale bygg.

  • Ein skule som fremjar motivasjon

    Tysværskulen skal vera ein trygg og god plass, der elevane får moglegheit til å visa fram sine beste sider gjennom ei praktisk og variert undervisning. Den viktigaste ressursen for dette er læraren. Difor vil Venstre styrka lærarane ved å gje dei meir kunnskap og betre tid.

  • Styrka frivilligheten

    Frivilligheita er ein utruleg viktig ressurs. Venstre vil støtta opp om godt frivillig arbeid for unge og gamle. Ulike fritidsaktivitetar for eldre må stimulerast til, og er ei oppgåve både for frivillige organisasjonar og kommunen.

  • Ei radikal nytenking om busstilbudet på Haugalandet

    Venstre vil kutta prisen på månadskort med 250 kr og ha lokalbuss gjennom T-forbindelsen, til Aksdal, Haugesund, Håvik, Mjåsund. Me vil òg at Aksdal-Haugesund skal koma under bybuss-ordninga med avgang kvart 15. minutt og billettpris på 15 kr.

Våre folk