Til innhold

FRAMOVER - Venstre vil alltid meir

Venstre treng di stemme i Ullensvang!

Me står overfor store utfordringar i åra som kjem. Klima- og naturkrisa krev handling, demokratiet treng forsvar, og me må skape eit berekraftig samfunn for framtidige generasjonar. Stortingsvalet hausten 2025 må innebere eit skifte i retning for norsk politikk. Venstre vil gi kommunane størst mogleg fridom til sjølv å skape gode lokalsamfunn. For å gje folk gode tenester og skape lokal utvikling er lokal fridom betre enn statleg detaljstyring. Venstre vil og at du skal få bestemme meir over ditt eige liv og ha fridom til å velje kven du vil vere, korleis du vil leve og korleis du vil bidra til samfunnet.

Dei viktigste måla våre er:

  • Satse på skule og oppvekst som gir alle born like moglegheiter
  • Ta vare på klima og natur gjennom lokale klimatiltak og meir vern av natur
  • Styrke internasjonalt samarbeid for å løyse felles utfordringar
  • Legge til rette for at næringsliv utvikler verdiar som gjev arbeidsplassar og velstand

Venstre treng di stemme ved stortingsvalet 2025 for å sikre at Ullensvang sine interesser blir høyrd på Stortinget. Saman kan vi skape eit grønare, friare og meir rettferdig Noreg!

Hardanger og Ullensvang er hjartet i norsk natur, kultur og verdiskaping. Venstre vil verne vassdraga og Hardangerfjorden mot uansvarleg utbygging og forureining, samtidig som vi støttar grønn omstilling i landbruket og utviklar bærekraftig turisme. Me vil arbeide for ei rettferdig fordeling av inntektene frå kraftproduksjon, slik at Ullensvang får sin del av verdiane, og styrke forvaltninga av Hardangervidda for å sikre villreinen sine leveområde og balansere naturvern med berekraftig bruk. Saman kan vi ta vare på det unike i Hardanger og Ullensvang – for framtidige generasjonar!

Kva brenn me for?

  • Skule og oppvekst

    Venstre vil sikre at alle barn i kommunen får ei god utdanning med vekt på både teoretisk kunnskap og praktisk kompetanse. Me vil styrkje dei gode kulturskulane og utvikle fleire utdanningstilbod som er relevante for lokalt næringsliv, som industri, fruktdyrking og reiseliv, slik at ungdom kan sjå ei framtid i heimkommunen.

  • Klima og natur

    Venstre vil ta vare på den unike naturen vår, frå fjord til fjell, samtidig som me utviklar berekraftige framtidsnæringar. Me støttar satsingar på fornybar energi, som oppgradering av vasskraft og utvikling av hydrogenproduksjon, og at vil sikre at desse bidreg til lokal verdiskaping utan å øydelegge viktige natur- og friluftsområde.

  • Internasjonalt samarbeid

    Venstre vil styrkje internasjonalt samarbeid som gjev nye moglegheiter for lokalt næringsliv og kulturliv, og støttar norsk EU-medlemskap fordi eit sterkt europeisk samarbeid sikrar både fridom og tryggleik.
    Me vil auke Noreg sitt bidrag til Ukraina, både av moralske grunnar og fordi det styrkjer vår eigen tryggleik.
    Det er viktig å byggje vidare på etablerte relasjonar samtidig som me søkjer nye berekraftige partnarskap.

  • Utvikle næringslivet

    Venstre vil vidareutvikle vårt mangfaldige næringsliv frå fruktdyrking og foredling til industri og reiseliv. Me vil gjere det enklare for gründerar å skape nye arbeidsplassar ved å styrkje etablerartenesta, sikre tilgjengelege næringstomter og byggje opp kompetansemiljø som er viktige for framtidig vekst i regionen.