Valprogram for Haram Venstre for perioden 2023-2027

Aar 1883 den 27. Oktober samledes paa Gaarden Ostnes, efter Indbydelse af Harhams Herredstyrelse, cirka 150 Personer fra forskjellige Dele af Herredet til et politisk Møde og med formål at få dannet en Venstreforening inden Herredet“.

Haram Venstre er Haram sitt eldste politiske parti. Det lokale partiet vart grunnlagt i 1883 av Haram heradsstyre og har hatt tre representantar på Stortinget; Knudt O. Otterlei, Ole K. Flem og Bjarne Flem – alle frå bonde- og fiskaryrka.

Venstre er det sosialliberale alternativet i Haram.

Haram Venstre vil at Haram skal vera ein levande og moderne miljøkommune der du er sjefen i ditt eige liv. For å oppnå dette treng vi dei beste skulane, ein offensiv miljøpolitikk, eit mangfaldig kulturtilbod, ein moderne næringspolitikk og kommunale tenester som gir tryggleik til dei som treng det mest.

Haram Venstre er trygt plassert som eit sosialliberalt og radikalt parti i sentrum av politikken, med Arbeidarpartiet på vår venstreside og Høgre på vår høgreside. Vi er tufta på sosialliberalismen som ideologi og har ingen særinteresser bortsett frå den enkelte innbyggjar i Haram.

Løysingane ligg i sentrum.

 

Kommunen med den sunne økonomien
Haram kommune skal vere ein kommune med sunn økonomi. Haram kommune skal rydde opp i eiga økonomi og ha ein mykje betre økonomioppfølging som gjer at det allereie på eit tidleg tidspunkt kan settast inn tiltak dersom ein verksemd er i ferd med å få store økonomiske overskridingar.

 

 

Kommunen som tek vare på dei minste
Alt for mange born og unge i Haram har ei tøff oppvekst, og Venstre vil arbeide for at desse får ei betre oppfølging. Vi vil auke innsatsen for å styrke og opne opp barnevernet, slik at vi kan fange opp born og unge i faresona på eit tidleg tidspunkt.

 

 

Haram Venstres 14 grep for betre oppvekstvilkår i Haram
Verda blir mindre og mindre, og dei problema som syntest å vere så langt unna lille trygge Haram er no her i full monn. Den glade, trygge og beskytta oppveksten ein hadde for 10-20 år sidan er trua av rusmisbruk, vald, auka press frå eit seksualisert og valdeleg mediebilete, fråskiljing, tidsklemma og auka forskjellar. Aldri har ungdomen blitt forsøkt påverka frå så mange kantar som no.

 

 

Seniorpolitikk – leve heile livet
Haram Venstre meiner at eldreomsorga må styrkast. For å skape eit meir variert tilbod innan eldreomsorga må ideelle organisasjonar og private bli ein naturleg del av det offentlege tenestetilbodet.

 

 

 

Kommunen som prioriterer dei svakaste
Sosialt ansvar handlar først og fremst om å hjelpe dei som har det vanskelegast. I Haram handlar dette mellom anna om å hjelpe dei som slit med rusproblem.

 

 

 

En framtidsretta kommune for næringslivet
Haram skal vera ein motor for nyskaping og vekst for heile Nordvestlandet. For å få til dette ynskjer Haram Venstre å skapa eit godt næringsklima i kommunen, spesielt for nye vekstbedrifter.

 

 

 

Samskaping med næringslivet
Haram kommune skal vere ein kommune som er ein føreseieleg støttespelar for næringslivet. Om det gjeld reguleringar, skjenketider eller opningstider, skal kommunen vere ein medspelar, og ikkje ein motspelar.

 

 

 

Kommunen som arbeidgjevar og tenesteytar
Kommunen er Haram sin største arbeidsgivar, og har difor eit ekstra stort ansvar. Sjukefråværet i kommunens verksemder er altfor høgt, og det blir ei prioritert oppgåve å halvere dette, både av omsyn til dei tilsette og av økonomiske årsaker.

 

 

 

Stedsutvikling – Godt å bu i Haram
Haram er i vekst, og det skal leggjast til rette for fortetting og nye bustader i mange delar av kommunen. Det er plass til mange nye bustader i Haram utan at kommunen flyt ut som ein einaste stor forstad.

 

 

 

Haram Venstres 12-punktsplan for Nordøyane
Etter at Nordøyvegen kom på plass har ein, paradoksalt nok, delt kommunen i to; fastlandet og øyane. Dei høge bompengesatsane må ned, men uansett kor låge dei vert så er den økonomiske barrieren mellom fastland og øyane sett for mange år framover.

 

 

Kollektivtransport som det naturlege alternativet
Venstre vil gjere kollektivtilbodet til det naturlege alternativet for transport i Haram. Auka bruk av kollektivtransport skal gje billegare reiser. Det er eit stort behov for ein solid satsing på kollektivtransport. Bustadområde må vernast mot støy og forureining.

 

 

Miljø og klima i nye Haram
Klimaet på jorda er i dramatisk endring. Millionar av menneske vil verte miljøflyktningar dersom ikkje utsleppa av klimagassar vert reduserte. Haram skal òg ta sitt ansvar for å redusere dei globale utsleppa av klimagassar. Haram Venstre vil leggje dette til grunn for alle politiske vedtak og gjere Haram til ein av dei fremste kommunane i Noreg til å ta i bruk ny miljøteknologi.

 

 

Den levande kulturkommunen
Kunst og kultur er dei mest sentrale uttrykka for menneskets sameksistens. Haram har eit rikt og breitt kulturliv. Å styrkje og vidareutvikle denne breidda, samtidig som vi satsar på nokre kulturfyrtårn i kommunen, vil gjere Haram til ein betre og meir attraktiv kommune å bu i.