Val 2015

Ved kommunevalet i 2011 fekk Eid Venstre heile 44% av røystene. Det førte til at Venstre fekk både ordførar- og varaordførarvervet, og heile 13 medlemmer i kommunestyret.

Venstre gjekk til val i 2011 på å styrke skulen, få planane om nytt omsorgssenter og ny fleirbrukshall i Eid “opp av skuffa” – og å satse sterkare på å legge til rette for å bu og drive næring i kommunen. Alt dette har vi arbeidd hardt med, og klart å få til, i løpet av valperioden. Bygginga av nytt omsorgssenter og ny fleirbrukshall startar hausten 2015. Skulen er styrka. Det er i gang arbeid med nye kommunale bustadfelt på Nordfjordeid og Stårheim, og nye næringsområde står no klart for bruk m a på Myklebust/Stokkenes.

Eid opplever etter mange års “stillstand” no ein vekst vi ikkje har sett på lenge. Nye, store næringsetableringar som skapar nye arbeidsplassar er på veg, og folketalet har for fyrste gong i Eid nokonsinne passert 6.000.

Ved valet i 2015 ber Eid Venstre om tillit til å halde fram arbeidet med å gjere Eid til ei endå betre kommune å bu i. Våre 35 listekandidatar – flest av alle parti som stiller til val i Eid – er klare til å ta Eid vidare!

Eid Venstre si liste til kommunestyrevalet 2015

  1. Alfred Bjørlo (f.1972) Nordfjordeid
  2. Kirsti Ohrvik Olsen (f.1969) Hjelle
  3. Arild Nøstdal (f.1978) Nordfjordeid
  4. Anne Kristin Villar Sundal (f.1997) Haugen
  5. Gunvald Ludvigsen (f.1949) Nordfjordeid
  6. Hilde Henriksen (f.1953) Nordfjordeid
  7. Inge Adelsten Engebretsen (f.1971) Haugen
  8. Sylvia Hammersvik (f1949) Stårheim
  9. Knut Tore Nes Hjelle (f.1972) Hjelle
  10. Ørjan Ryland (f.1995) Nordfjordeid
  11. Brit Moa (f.1950) Nordfjordeid
  12. Jon Martin Holmøy (f.1978) Holmøyane
  13. Svein Arne Henjesand (f.1963) Nordfjordeid
  14. Grete Dahl Sandven (f.1953) Nordfjordeid
  15. Svein Rotevatn (f.1954) Nordfjordeid
  16. Webjørn Moa (f.1948) Nordfjordeid
  17. Margot Aasebø (f.1972) Nordfjordeid
  18. Steinar Furnes (f.1981) Hjelle
  19. Amalie Hjellbakk Smørdal (f.1997) Nordfjordeid
  20. Arve Dahl (f.1945) Nordfjordeid
  21. Jorunn Breiteig (f.1963) Kjølsdalen
  22. Jan Olav Tryggestad (f.1954) Nordfjordeid
  23. Yngve Kjørstad (f.1977) Nordfjordeid
  24. Solveig Sandven Kjesbu (f.1978) Nordfjordeid
  25. Ole Herman Ludvigsen (f.1977) Hjelle
  26. Elin Paulsen (f.1973) Nordfjordeid
  27. Joachim Scobie (f.1969) Nordfjordeid
  28. Linda Gotteberg (f.1968) Nordfjordeid
  29. Geir Moldestad (f.1977) Nordfjordeid
  30. Kari Lothe (f.1956) Stårheim
  31. Gunnar Berteig (f.1952) Nordfjordeid
  32. Kristin Sundal (f.1979) Nordfjordeid
  33. Vidar Rasmussen (f.1946) Nordfjordeid
  34. Svanhild Otterøy Lothe (f.1944) Lote
  35. Jon-Reidar Eikås (f.1957) Nordfjordeid

Sida blir oppdatert gjennom heile valperioden.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**